Bergh-dommen: – Må sparke personar med meiningar på venstresida i politikken også


Parlamentarisk nestleiar i Frp, og medlem av justiskomiteen, Ulf Leirstein, meinar at dommen er beklageleg, og at den flyttar grensene for ytringsfridommen til offentleg tilsette.

Måndag denne veka avsa Borgarting lagmannsrett dom i avskjedssaka mot den tidlegare politimannen Stein-Robin Kleven Bergh (54) frå Hedmark.

Det var Hedmark politidistrikt som i august 2013 reiste avskjedssak etter at Bergh hadde skrive på Facebook mellom anna at dåverande statsminister Jens Stoltenberg var eit «krapyl».

Seinare vart vedtaket oppheva og omgjort til ordensstraff og åtvaring av det sentrale tilsetjingsrådet for politiavdelinga. Politimeistaren i Hedmark politidistrikt omplasserte Bergh frå operativ teneste ved lensmannskontoret i Eidskog til etterforskingsarbeid på politistasjonen i Kongsvinger.

I september 2015 vedtok tilsetjingsrådet å avskjedige og suspendere Bergh. Dette skjedde etter uttalelse om Hadia Tajik i Arbeidarpartiet.

Trykte «Like» på bilete av Mulla Krekar teikna som ein gris

Det var tillitsvald Veronika Amble Nærum som hausten 2015 sendte liste med utskrift av Facebook-meldingar til politimeistar Tormod Bakke. Nokre eksempel på meldingane var:

«Afrikaner. Igjen.» som kommentar til en artikkel på nrk.no om en mann som var pågripen for valdtekt.

«Hva er problemet? Det går fly til Midtøsten flere ganger i døgnet!» som kommentar til ein artikkel på Fria Tider med tittelen «Vi är araber, vi kan inte bo så här».

I tillegg trykte Bergh «Like» på eit bilete av Mulla Krekar teikna som ein gris på Facebook.

Fagdirektør ved Nasjonal institusjon for menneskerettar, Anine Kierulf, seier til Grafen at ho og ikkje oppfattar eit slikt «Like»-klikk som uakseptabelt.

– For ein offentleg tenestemann er det, isolert sett, ikkje ei uakseptabel handling å gjera seier Kierulf.

Kierulf var ikkje var overraska over dommen mot den tidlegare politimannen.

– Den seier noko om balansegangen mellom ytringsfridom og den tilliten som er naudsynt for enkelte typar stillingar, som i politiet.

Kierulf legg til at dommen er også tydeleg på at polititilsette har ytringsfridom, men den må skje i ein relativt sakleg form som ikkje er krenkande eller fiendtleg ovanfor særskilte grupper.

– Flyttar grensene for ytringsfridommen til offentleg tilsette

Parlamentarisk nestleiar i Frp, og medlem av justiskomiteen, Ulf Leirstein, seier at dommen er beklageleg.

– Eg meiner vi bør ha høg takhøgd for politisk engasjement i eit demokratisk samfunn, seier Lerstein.

Han legg til at vi ser tendensar til at ytringsfridommen er under stadig større press, og at sentrale samfunnsaktørar ser seg tent med å gjere politisk usemje til eit juridisk spørmål.

– Når domstolane først veljer å innskrenke ytringsfridommen på denne måten, så forventar eg at domstolane og offentlege etatar er like engasjerte i å få sparka personar med meiningar på venstresida i politikken også, avsluttar Lerstein.