Politistasjonssjef Magne Straumstein i Sogndal kynisk utnytta tragisk dødsfall


Det var i går ein ung mann heimehøyrande i Sogndal omkom etter å ha falle i Sogndalselva.

I staden for å bistå med redningsarbeid valgte politistasjonssjef Straumstein og den avdanka UP-sjefen Svein Inge Krogh Harberg bruke ressursar på å forsøkje fjerne folk som filma og tok bilete av hendinga.

Ikkje nok med det utnytta Straumstein den tragiske hendinga til å gå ut i Sogn Avis, same dag, og kalla folk som filma og tok bilete for «respektlause», og hevdar at «slik filming er eit problem» for politiet.

Det er imidlertid Straumstein sjølv som er problem for politiet.

Les også: Fagleiar i Statens vegvesen dømt til fengsel for fabrikkering av sakkyndigrapportar

Les også: Tønsberg-politiet arrangerte julebord: Politimann tok på puppar og rumpe – truga med å drepe kollega

DU HAR LOV Å TA BILETE OG VIDEO

I Noreg er det lov å filme politiet, anten dei er i aksjon og ikkje.

Dåverande leiar for den norske advokatforeninga Jon Wessel-Aas har i kommentar sagt til Nrk at det er ekstra viktig at det ikke er nokon avgrensing på at publikum kan dokumentere korleis dei utøver makta og moglegheita.

I 2021 slo Borgarting lagmannsrett fast at det er lov å ta bilete og video av politiet i aksjon. Det er også lov å publisere dei i sosiale medium. Det slår dommen fast.

Grunngjevinga til lagmannsretten var at det er til beste for ålmenta å offentleggjere film eller bilete av tenestepersonar.

Eit forbod mot førehandssensur finast i grunnlova og det er førehandssensur om politiet nektar folk å ta bilete eller filme.

Politistasjonssjef Straumstein kan ikkje pålegge folk å la vere eller slutte å ta ta bilete eller filme, då dette vil vere i strid med forbodet mot førehandssensur i grunnlova.

Det einste Straumstein har lov til er å pålegge folk å ikkje fysisk bevege seg i vegen for politiet sitt arbeid på ulukkesstaden.

Politistasjonssjef Magne Straumstein har ikkje berre kynisk utnytta eit tragisk dødsfall for å mele eiga kake, men også på ulovleg måte saman med den avdanka UP-sjefen forsøkt hindre folk filme og ta bilete.

Folk som har pålegg bør anmelde tenestepersonen til Spesialeininga for politisaker med henvisning til Kongsberg-dommen og dommen i Borgarting lagmannsrett i 2021. Tips gjerne Grafen om det.