Politibetjent dømt for å køyre i 131 km/t


Det var politibetjent Erik Theodor Torgersen (28) som i juni vart dømt for å køyre i 131 km/t på E6 ved Strupen i Balsfjord kommune.

Torgersen møtte i Indre og Østre Finnmark tingrett som tilståelsessak 6. juni, der tingretten idømte politimannen 27 timar samfunnsstraff og tap av førarkort for ein periode på 6 månader.

I dommen skriv tingretten at hendinga skjedde i forbindelse med forbikøyring.

IKKJE NY FØRARPRØVE

Torgersen anka straffutmålinga til Hålogaland lagmannsrett, medan påtalemakta viste til at dommen måtte opphevast fordi talet timar samfunnsstraff er satt lågare enn minimum i lova på 30 dagar.

Les også: Pensjonert lensmann fyllekøyrde – fekk redusert straff på grunn av restskatt

Les også: Lensmann Magne Knudsen tok ulovleg beslag i førarkort

Det enda med at Hålogaland lagmannsrett 10. juli oppheva dommen.

Statsadvokat Tor Børge Nordmo seier i kommentar til Grafen at ved oppheving av dom må saka behandlast på nytt i tingretten. Dette vart gjort 16. juli som rein skriftleg behandling der samfunnsstraff vart sett til 30 timar.

I følgje Nordmo treng ikkje politimannen avlegge ny førarprøve sidan det ikkje går fram i domsslutningen.

Dersom det kjem ankebehandling vil det komme på seinare tidspunkt etter ny avgjerd frå lagmannsretten.

Politistasjonssjef Stein Hugo Jørgensen har ikkje ville svare Grafen på spørsmål.