Mímir Kristjánsson i Raudt starta nyåret med å ta eit kraftig oppgjer mot regjeringa si arbeidsline, og har dei siste vekene vore i heftige debattar.
– Den såkalla arbeidslina må vere det styggaste eksempelet på misvisande marknadsføring i Noreg nokonsinne, skriv han.
Kristjánsson meiner det regjeringa i dag kallar arbeidslina ikkje har noko med arbeid å gjere, og viser til formuleringa til Martin Tranmæl og Ole Colbjørnsen på 1930-talet med slagordet «Heile folket i arbeid». Formuleringa handla om at fellesskapet skulle skaffe alle som kunne og ville arbeide ein jobb. Samtidig vart trygd auka for dei som ikkje kan arbeide.
– Det ein i dag kallar arbeidslina vart formulert av Gro Harlem Brundtland. Den har slagordet «Det skal alltid lønne seg å jobbe». Vekke er fellesskapens ansvar for å skaffe folk arbeid, i staden har ein fått eit slags privat ansvar for å komme seg i arbeid, skriv Kristjánsson.
Les også: Jan Ludvig Andreassen: – Det blir ikkje meir arbeidsinnvandring av renteauke
Han meiner at Staten ikkje lenger skaper arbeid, men vil motivere folk til arbeid, og at dette vert gjort gjennom trygdekutt og mistillit.
– Det må ikkje bli for lett å vere trygda, ein skal ikkje fristast til trygd. Difor må trygdene haldast låge og utilgjenge, skriv han ironisk, og legg til at det ikkje har noko med arbeid å gjere i det heile teke.
Kristjánsson meiner det ein i dag kallar arbeidslina er eigentleg ei linje for trygdekutt eller fattdom.
– Vi bør gjenreise Tranmæls arbeidslinje og kvitte oss med Gro-varianten. Sjølvsagt er det bra om folk kjem seg i arbeid, men ingen kjem seg i arbeid av å vere fattige, avslutta Kristjánsson.