Jan Ludvig Andreassen: – Det blir ikkje meir arbeidsinnvandring av renteauke


Noregs Bank heva i går styringsrenta med 0,5 prosentpoeng – det største hoppet på 20 år.  Vidare varslar sentralbanksjefen at renta skal vidare opp mot hausten. Styringsrenta er 1,25 % etter renteauken i går.

Sjeføkonom i Eika, Jan Ludvig Andreassen, var ikkje begeistra for renteauken:

– Viss vi no hevar rentene og får nedgang i bustadbygging og så vidare, når vi slit med bustadmangel. Bøndene har  investert, vi treng å investere meir så vi får ned matvareprisane. No stoppar dei opp å investere fordi rentene stig, sa Andreassen til Nrk.

Sjeføkonomen peikar på at straumprisar, drivstoffprisar og vareprisar som aukar på grunn av mindre tilbod frå utlandet, er vanskeleg å få gjort noko med ved å auke rentene.

Han fekk støtte frå sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB som meiner at rentevåpenet er tungtvirkande i Noreg, og trur arbeidsløysa vil stige.

Treng tilpasning av finanspolitikken til arbeidsmarknaden

Jan Ludvig Andreassen seier i kommentar til Grafen at vi treng tilpasning over tid av finanspolitikken til arbeidsmarknaden. Årsaka er at no som innvandringa sviktar må ein ta det med ro på finanspolitikken.

– Det vert ikkje meir arbeidsinnvandring av renteauke, seier sjeføkonomen.

På pressekonferanse fredag sa statsminister Jonas Gahr Støre at hausten vil by på høgare prisar og høgare renter som vil merkast, særleg for folk med dårleg råd frå før.

Støre seier det er regjeringa sitt ansvar å ta tak i dette, og planlegge budsjett som ikkje driv renta vidare opp.