– Ikkje gitt at «frie» medier er det same som kritiske medier


Lars Birkelund skriv i kronikk på Resett at Noreg alltid ligg høgt på indeksar over kva land som har størst grad av pressefridom, men at det ikkje skal forvekslast med kritiske medier.

– Det er ikkje gitt av «frie» medier er det same som kritiske medier, noko som synast vere ei utbreidd misforståing, skriv han, og stiller spørsmålsteikn ved kva som ligg bak indeksane.

– Land som ligg langt nede på indeksane når det gjeld pressefridom har, i visse tilfeller, medier som er langt meir kritiske enn norske medier.

Han viser til Venezuela som eit eksempel på medier som er så kritiske at dei oppmodar til statskupp og konspirerer med framande makter for å begå statskupp.

Følgjende av dette er at styresmaktene i landet har stengt eller gjort forbode enkelte medier.

Les også: Herland Rapporten: – Vi er det landet i Europa med dei mest einsretta mediene

I Hongkong vart mediemagnaten og milliardæren Jimmy Lai med britisk statsborgarskap og base i Hongkong arrestert og mediehuset ransaka av kinesiske styresmakter.

Anklagen gjekk ut på at Lai hadde konspirert med framande makter.

Det siste året har styresmaktene i USA og Storbritannia gjeve støtte til demonstrantar og delvis lamma Hongkong i nær eitt år. Demonstrantane krev at Hongkong skal lausrivast frå Kina.

Slik sett er ikkje anklagen mot Lai usannsynleg, meiner han.

Birkelund skriv at paradokset er at land med såkalla låg grad av pressefridom også kan ha svært kritiske medier, så kritiske at styresmaktene knapt har anna val enn å stengje mediene.

– Sett på spissen kan ein seie at dei landa med mest kritiske medier også har lågast pressefridom, og dermed havnar lengst nede på dei årlege kåringane til Reportarar utan grenser, skriv han.