Ekspert på additiv produksjonsteknikk spionsikta etter sal av informasjon


Harsharn Singh Tathgar sin Linkedin-profil. Tathgar kan ha brote DNV GLs «code of conduct», og såleis vore illojal ovanfor arbeidsgjevar ved å selje informasjon til ein utanlandsk person med diplomatisk immunitet.

Harsharn Singh Tathgar (50) vart i dag varetektsfengsla av Politiets tryggingteneste i fire veker etter sal av informasjon til ein utanlandsk person med diplomatisk immunitet.

Les også: Namngjevne norske forskarar driv svart propaganda mot Russland

Kjennelsen vart gjort bak «lukka dørar» med grunngjevinga at «saka er av spesiell karakter», og at detaljar vil kunne påverke forklaringa til personar som enno ikkje er avhøyrd av politiet.

Etter det Grafen kjenner til er arbeidsområdet til Tathgar i DNV GL [Det Norske Veritas, red. anm.] prosessar med kvalifisering og sertifisering for materiale og komponentar nytta innan 3D-utskrift, og det er informasjon relatert dette som er seld mot vederlag.

DNV GL er eit klassifikasjonsfirma som delar konstruksjonar og system inn i klasser etter kvalitet etter eigne reglar.

Pressetalsmann for DNV GL, Per Wiggo Richardsen, seier til Grafen måndag kveld at alle tilsette er underlagd selskapets «code of conduct» som blant anna kartlegg at involvering som gir grunnlag for interessekonflikt eller kan påverke tilsettes uavhengigheit ikkje er forenleg med desse.

I avhøyr med politiet skal Tathgar ha innrømt å ha gjeve informasjon og motteke pengar for informasjonen.

3D-utskrift endrar forsyning og logistikk til forsvaret men har neppe noko å seie for nasjonale interesser

Det norske forsvaret ventar at 3D-utskrift skal kutte kostnader og auke tilgang på delar til militært utstyr. Dei har også utført fleire testar på korleis bevegelsar i skip verkar inn på utskrifta.

Det er lite plass til lagring av reservedelar på krigsskip og det er utfordrande å vite kva delar som skal prioriterast. Difor vert logistikk og tilgangen på reservedelar ei utfordring for krigsskip. Dette gjeld særleg om fartøyet vert utsett for stridsskadar. 3D-utskrift er såleis ei nyvinning som gjer at skipa kan vere på sjøen lenger og arbeide meir effektivt.

Føremålet med 3D-utskrift er såleis å sikre tilgang på delar som krigsskip normalt ikkje har om bord, og delar som er kritiske for å raskt utbetre stridsskadar. Ei av utfordringane er naturlegvis brotstyrkje og liknande på det som vert skreve ut.