I hemmelege dokument frå ein lekkasje går det fram at den britiske regjeringa finansierer eit program som har til føremål å driva svart propaganda mot Russland, skriv Steigan.no.

I dokumenta er det fleire namngjevne norske forskarar, tilsett ved Forvarets forskingsinstitutt (FFI). Desse vert omtala som «Integrity Norway» og oppgåva deira er i følgje dokumentet å arbeide med «klyngemetodar», mellom anna:

  • Sørge for at regjering, tenketankar, militæret og journalistar skal sjå «det store biletet» og få folk til å akseptere at vi er under eit samordna og bevisst hybridangrep frå Russland.
  • Auke farten i å utvikle respons, mobilisere nettverket for aktivisme i jakta på «den gyldne augeblinken».

Klynga er agentar som skal påverka journalistar, akademika, regjering og andre avgjerdstakarar til å ta stilling mot Russland. Frå tidlegare er det kjent at den britiske hæren i 2015 oppretta eigen avdeling med Internett-krigarar som driv psykologisk krigføring i sosiale medier.

I dokumenta som er lekt står det at den norske klynga er leia av ein tidlegare «statstenestemann», og at dei har gruppe i Oslo og Tromsø. Desse gruppene skal jobbe for å påverke journalistar som skal plante artiklar i medier på oppdrag frå det britiske programmet.

Den hemmelege norske klynga med Internett-krigarar er Chris Prebensen (tidlegare sekretær i den norske atlanterhavskomite), Jardar Østbø (FFI), Kristin Ven Bruusgaard (FFI), Tor Bukkvoll (FFI) og Henning Andre Søgaard (FFI).

Grafen har i eigne undersøkingar funne desse koplingane til Russland:

Jardar Østbø. Frå 2015 byrja Østbø setje fram alvorlege anklager mot Russland. Det meste publisert i Aftenposten.

Kristin Ven Bruusgaard. Skriv for det meste i engelskspråklege medier med anklager om russisk innblanding i det amerikanske valet 2016.

Tor Bukkvoll. Den mest aktive nettkrigaren og sitert 370 ganger i papiraviser sidan 2015. Overskriftene er typisk «Putin er ein trussel», «Putin-frykta aukar i Noreg», «Putins hevnplan» osv.

Henning Andre Søgaard. Mista retten til å skrive blogginnlegg hjå Huffington Post på livstid etter plagiat. På same tid var han bloggar hjå Ny Tid. I eit blogginnlegg frå 2014 skreiv han «det er ikkje den beste hæren, men den beste historia som til slutt vinn».

Kven som stikk av med den beste historien veit vi ikkje enno, men har du tips så send gjerne til tips@grafen.media.

Foto: FFI.