UP-betjent i Finnmark tiltalt for sletting av bevis


Det er UP-betjent Tor-Jarle Olsen (33) som er tiltalt for sletting av bevis frå eigen mobiltelefon.

Det var i april 2024 Olsen sletta bevis frå sin private iPhone 11 Pro Max som politiet skulle ha beslag i, då telefonen kunne ha betydning som bevis i etterforskinga av ein straffesak der Olsen var vitne.

Les også: Politimann stjal narkotika frå politistasjon – no er han dømd

Tiltalen er teken ut av statsadvokat Kirsti Jullum Jensen som også har lagt ned påstand om tap av stilling som politibetjent. Saka skal gå i Vestre Finnmark tingrett 27. og 28 november med Knut Broberg som dommar.

Det er ikkje kjent for Grafen kva straffesak eller bevis det dreier seg om. Veit du? tips gjerne Grafen.