Politibetjent køyrde i 140 km/t i 80-sone


Politibetjent Mathias Sølland Tollefsen (29) er dømt til fengsel i 15 dagar og må klare seg utan førarkort i 13 månader. I tillegg må han ta førarprøven på nytt.

Det var i august i år han tok forbikøyring med ein Tesla Model 3 på E6 over Dovre. Etter forbikøyringa la han seg inn foran bilen og etter eit par minutt vart han vinka inn av UP.

I følgje dommen forstår han at det ikkje er bra å køyre i 140 km/t i ei 80-sone og angrar og skammar seg.

Les også: Politibetjent dømt for å køyre i 131 km/t

Les også: Tønsberg-politiet arrangerte julebord: Politimann tok på puppar og rumpe – truga med å drepe kollega

Målinga var eit bilete av den høgaste farten han hadde under forbikøyringa.

I følgje dommen er han suspendert som politibetjent og utfallet av dommen har stor betydning for politimeistaren sin vurdering av stillinga hans.

Retten skriv at omsyn til ålmenta og likskap for lova må vege tyngst, og at ei rekkje typar arbeidstakarar står i fare for ordensstraff eller avskjed på grunn av straffbare forhold dei har begått, utan at dette kan leggast vekt på ved straffutmåling.

Fengselsstraffa på 15 dagar er likevel så kort at han får truleg sone med elektronisk fotlenke.

ELEKTRONISK FORKYNNING

Ansatte i politiet som blir dømt får ofte «elektronisk forkynning» i saker der vanlege folk må møte fysisk opp hjå politiet på bestemt tidspunkt for forkynning. Tollefsen har også fått elektronisk forkynning, utan reelt krav om kvittering.