Dette seier ekspertar om det manipulerte biletet av Sør-Varanger ordføraren


Det var i november i fjor at ein person publiserte eit manipulert bilete av ordføraren i Sør-Varanger i ei gruppe på Facebook. Biletet viser at Magnus Mæland [H] med ei russisk angrepsdrone mot seg.

Nær seks månader seinare har politiadvokat Marit Valan i Finnmark politidistrikt sikta ein person for trugsmål.

Valan som uttalar seg til det statlege nyhendebyrået, vil ikkje seie noko meir om kven som er sikta i saka, men at den er oversendt til påtale for avgjerd.

Biletet skal har vorte delt etter markeringa av 25. oktober som var årsdagen for markeringa av frigjeringa av Aust-Finnmark. Det var under denne markeringa at ordføraren hamna i konflikt med den russiske konsulen i Kirkenes.

Fagdirektør ved Norges Instutisjon for Menneskerettar [NIM], Vidar Strømme, seier i kommentar til Grafen at eit manipulert bilete kan vere ein trugsel på same måte som ein teikning av eit anna våpen mot nokon.

Men om det er straffbart for den som konkret har delt, vil alltid vere avhengig av situasjonen.

Strømme viser til straffelova § 263 om å «true med straffbar atferd under slike omstendigheter at trusselen er egnet til å fremkalle alvorlig frykt».

– Biletet må difor tolkast, som for eksempel sjåast i samanheng med eventuell tekst, i tillegg må den som har delt forstå at biletet var eigna til å skremme, det vi kallar forsett.

Om det aktuelle biletet er straffbart kan han ikkje seie.

Strømme seier likevel at det må vere klart at det ikkje er legitimt å utsetje orføraren for slikt, fordi han måtte ha provosert nokon med sine handlingar eller uttalar.

Dåverande generaladvokat Sigrid Redse Johansen uttalte til Grafen at sivile er beskytta mot direkte angrep, men at den mistar denne beskyttelsen om dei aktivt deltek i strid.

Strømme er tydeleg på at Magnus Mæland ikkje er stridande.

– Vi må verne om ytringsfridom. Det gjeld ikkje minst ytringsfridom til politikarar, og det gjeld ikkje minst i vanskelege tider.

Les også: Krig mellom Russland og NATO om Ukraina blir stadig meir uunngåeleg