Krig mellom Russland og NATO om Ukraina blir stadig meir uunngåeleg


Professor ved Universitetet i Sør-Noreg Glenn Diesen skriv i ein kronikk at Russland har teikna raude strekar mot NATOs «salami-taktikk» og når desse strekane ikkje vert respektert blir krig stadig meir uunngåeleg.

Russlands president Vladimir Putin åtvara nyleg om at Vesten må ta dei raude strekane seriøst, og at USA og deira allierte risikerer ein farleg konflikt med verdas mektigaste atommakt.

Raude strekar handlar om avskrekking, skriv Diesen. Han meiner at hensikta med desse er i første omgang å kommunisere avgjerande tryggleiksinteresser og dei alvorlege konsekvensane om strekane vert kryssa.

I hovudsak er Moskvas ultimatum meint å stoppe Vesten frå å gjere ei farleg feilberekning.

Avskrekking kviler på dei tre bokstavane ETK: evne, truverdigheit og kommunikasjon. Diesen viser til at Russland har den militære evna til å handle dersom den raude streken vert kryssa. Vidare har Russland demonstrert truverdigheit i forhold til beredskap og til å reagere på trugsmål, og dei veit at detaljar må kommuniserast tydeleg for å unngå at Vesten gjer feiltrinn som gjer nødvendig kraftig respons.

NATO er meistar i «salami-taktikk»

Diesen skriv at raude strekar må vere spesifikke, sidan dei er eit mottrekk mot langsomme kryp frå den vestlege utanrikspolitikken som han meiner baserer seg på «salami-taktikken».

«Salami-taktikken» innebærer som namnet antydar erobring gjennom avskjæring av tynne skiver.

– Slik vil ingen enkeltståande handling vere så opprørande at den dannar påskot for krig, men ein dag snur du deg og innser kor mykje terreng du har tapt, skriv Diesen.

– Taktikken er eit alternativ for ekspansjonistiske aktørar som NATO som forfølgjer avgrensa og repeterande utvidingar for gradvis å skape nye realitetar på bakken.

Taktikken unngår rask eskalering, og møter dempa motstand frå både motstandarar og allierte sidan innvendingar blir latterleggjort, og respons frå motstandarar blir sett på som uforholdsmessig.

Diesen meiner at NATO er meistar i «salami-taktikk».

– Opphavleg lova blokka at dei ikkje skulle utvide ein tomme i retning aust. Deretter vart «partnarskapen for fred» seld til russarane som eit alternativ til ekspansjon, sjølv om den utvikla seg til eit springbrett til ekspansjon ved å innsetje væpna styrkar i sentral- og austeuropeiske statar med NATO-standarder.

Blokka utvida seg vidare i 1999 då Polen, Ungarn og Tsjekkia vart med, sjølv om det vart antyda at dette aleine ikkje ville endre maktbalansen drastisk.

Vidare forsøkte Vesten å dempe Russlands bekymringar ved å etablere NATO-Russlands grunnakt om gjensidige relasjoner, samarbeid og tryggleik, som garanterte at det ikkje skulle vere nokon permanent stasjonering av betydelege kampstyrkar i dei nye medlemslanda.

– Nokre år lenger fram hadde 11 land slutta seg til blokka og det var ingen påskot om å respektere grunnakten fordi miltærbasar og missil vart utvikla i Polen og Romania, og NATO hadde augene retta mot Ukraina.

– NATOs ulovlege invasjon av Jugoslavia følgde også den vanlege «salami-taktikken». Etter invasjonen fekk den ein viss juridisk dekning og implisitt russisk samtykkje ved å oppnå eit FN-mandat i 1999 for okkupasjonen av Kosovo under den spesifikke betingelsen om å oppretthalde Jugoslavias territorielle integritet.

Okkupasjonen vart i staden brukt til å endre verkelegheita på bakken, og i 2008 anerkjente fleirtalet av medlemslanda Kosovos uavhengigheit i strid med folkeretten.

NATOs missilforsvarssystem var på same måte eit godt eksempel på «salami-taktikk».

– I 2007 håna USAs utanriksminister Condoleezza Rice russiske bekymringar om utplasseringa av 10 missil i Aust-Europa som «reint latterleg, og alle veit det!». Men i løpet av få år hadde talet på missil stege til over hundre.

NATOs forslag om å samarbeide med Russland for å lindre bekymringane var då retta mot opposisjonen medan dei skar ein ny skive salami.

USAs tidlegare forsvarsminister Robert Gates stadfesta i sine memorar at USA «berre sparka boksen nedover vegen på missilforsvar, og spelte for tida».

Russland erkjente at dei vart presentert for eit «fait accompli» [fransk uttrykk for «avgjort sak»: av ein slik karakter at den vanskeleg eller umogleg kan gjerast om», red. anm.].

Då Russlands president Vladimir Putin talte i gjenforeninga med Krim i 2014 sa han at Russland var i ein posisjon dei ikkje kunne trekke seg tilbake frå. «Viss du pressar fjøra heilt til grensa vil den smekke hardt tilbake. Du må alltid hugse dette.», sa Putin.

Diesen meiner at raude strekar motverkar «salami-taktikk» ved å tydeleg kommunisere at sjølv eit mindre skritt forbi eit punkt vil utløyse stor respons. Han meiner at raude strekar likevel slit med å oppnå truverdigheit nettopp fordi dei virkar uforholdsmessige – for eksempel ville NATO eller Russland risikere atomkrig over Aust-Ukraina?

Raude strekar i Ukraina

NATO og Russland ser absolutt ut til å vere på veg mot krig i Ukraina, skriv Diesen.

– Kvart møte, telefonsamtale og toppmøte resulterer i ein forpliktelse til uttalen om at det ikkje er noko alternativ til Minsk-avtalen.

Minsk avtalen identifiserer to motstridande partar Kiev og Donbass, og den første handlinga som vart identifisert som å umiddelbart å etablere ein dialog mellom dei for å utarbeide dei konstitusjonelle endringane som ville gi Donbass autonomi.

Likevel har Kiev uttalt i klare ordlag at dei ikkje vil snakke med Donbass og dermed ikkje implementere avtalen, og NATO-maktene har vist at dei ikkje har til hensikt til å presse Kiev til overhalde avtalen.

Dersom Minsk-avtalen vert forkasta og ingen alternativ vert etablet er krig det einaste utfallet, meiner Diesen.

Og utan reell intensjon om å implementere avtalen pressa NATO i staden på for å endre realitetane på bakken. I løpet av sju år har vestlege nasjonar innført sanksjoner mot Russland og gjeve hjelp og våpen til Ukraina.

I mars og april byrja Ukraina mobilisere troppar på den eine sida av Donbass som førebuing til militær operasjon, som vart avskrekka av russisk militær oppbygging på den andre sida av Donbass.

Krig vart den gang avverga fordi USAs president Joe Biden kontakta Putin og ba om deeskalering, og proklamerte Washingtons vanlege tomme forpliktelse til avtalen.

– Som alltid held den inkrementelle ekspansjonen fram. NATO-landa ber ikkje Kiev etablere dialog med Donbass i samsvar med Minsk-avtalen, men insisterer no på at dette kun er ein konflikt mellom Ukraina og Russland.

I mellomtida har USA kunngjort at døra er open for Ukrainas NATO-medlemskap. Medlemslanda anten ignorerer eller stør Kievs droneangrep og andre angrep på Donbass. Vestlege krigsskip og krigsfly patruljerer stadig nærare Russlands svartehavsgrenser, og vestlege soldatar vert sendt til Ukraina på treningsoppdrag som snubletrådar som kan trekkje heile blokka inn i krig viss Russland grip inn.

I sentrum av dette er Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj, som vert motivert til å angripe Donbass med forventning om NATO-støtte, skriv Diesen, og avsluttar med at ein krig mellom Russland og NATO om Ukraina blir stadig meir uunngåeleg.