Grafen er invitert til å delta i undersøkelsen til det EU-finansierte forskningsprosjektet «Resilient Media for Democracy in the Digital Age».
Eit av måla med prosjektet er å komma med tilrådingar til EU-kommisjonen om korleis dei demokratiske utfordringane i medielandskapet kan løysast.
I følgje Abit Hoxha ved universitetet i Agder som er professor og primus motor, har ikkje Noreg store utfordringar knytt til økonomiske utfordringar, men han meiner at mange er skeptiske til vaksiner, og at valdeltakinga minkar.
Grafen har skreve relativt lite, men objektivt om vaksiner. Grafen trykkjer skoen hardast på krim i offentleg sektor og har møtt på fleire demokratiske problem, som at Domstoladministrasjonen har vorte mindre samarbeidsvillige til å utlevere informasjon om kriminalitet i det offentlege.
Grafen har vidare i dei seinare åra opplevd at domstolar unnatek dommar til straffedømte polititenestemenn offentlegheit, og såleis nektar media å omtale sakene. Ved eitt tilfelle har Norsk Redaktørforening anka ei slik sak for Grafen, utan at det førte fram. Norske domstoler motarbeider den frie presse og fri journalistikk, og det er eit alvorleg demokratisk problem det hastar å gjere noko med.
I pressemeldinga for prosjektet seier ein av forskarane, Vito Laterza, at norske medier er relativt samstemde, noko som kan vere ei utfordring.
Laterza er imidlertid ikkje den første som tenkjer tanken: Bjørn Nistad som har doktorgrad i russisk idéhistorie, uttalte for fire år sidan at Noreg er det landet i Europa med dei mest einsretta media.
– Vi les det som står i avisene og trur på det, sa Nistad.
Fakta om prosjektet:
- ReMeD står for Resilient Media for Democracy in the Digital Age
- Prosjektet er finansiert med 31 millionar kroner gjennom Horisont Europa.
- Prosjektet er utvikla av forskarar ved UiA, men blir leidd av University of Navarra i Spania.
- Andre deltakarar er University of Oxford, LMU Munich, Dublin City University, Free University of Brussels, Charles University in Prague, Paris Lodron University of Salzburg, og European Federation of Journalists.