Volkswagen Passat blir «ID.7»


Volkswagen opnar no for bestilling av flaggskipet sitt, ID7. Prisen skal vere kr 549 900 inkludert frakt og levering Oslo.

ID7 blir omtalt som den elektriske arvtakaren til Passat som gjekk ut av den norske Volkswagen-portefølja på veg mot at bilmerkjet blir heilelektrisk allereie frå nyttår.

Når dei opna for bestilling i dag var det ein spesiell kampanjepris knytta til at Volkswagen markerer ditt 75-årsjubileum i Noreg.

ID.7 kjem med ei lang liste over standardutstyr som blant anna inkluderer 19″ lettmetallfelgar, ein ny og 15″ stor infotainment-skjerm, adaptiv cruisekontrol, navigasjonssystem, 3-soners Air Care climatronic, ID. light, AR Head-up display, ryggekamera og elektronisk justerbare luftdyser. Foto: Martin Meiners.

Volkswagen ID.7 Pro kjem med effekt på 286 hk og ein netto batterikapasitet på 77 kWh som gjev ein WLTP-rekkevidd på 611 kilometer på den modellen som kan bestillast no.

Les også: Mercedes-Benz + Google = Sant

Den kan hurtigladast med inntil 170 kW som kan lade batteriet frå 10 til 80 prosent på under ein halvtime. Bilen som er fem meter lang får eit bagasjeromvolum på 532 liter.

Dei første kundebilane er forventa å komme på norske vegar rundt slutten av året.