Mercedes-Benz + Google = Sant


Mercedes-Benz og Google kunngjorde denne veka eit langsiktig og strategisk partnarskap for å skape neste generasjons digitale oppleving for luksusbilar.

Med partnarskapet vil Mercedes-Benz bli den første bilprodusenten som byggjer eigen navigasjonsoppleving basert på nye bildata og navigasjonsfunksjonar frå Google Maps Platform.

Dette vil gje Mercedes-Benz tilgang til Googles leiiande geospatiale tilbod, inkludert detaljert informasjon om stadar, sanntids- og prediktiv trafikkinformasjon og mykje meir. Ved å byggje inn desse funksjonane i det komande operativsystemet til Mercedes-Benz [MB.OS, red. anm.], skal kundane kunne nyte overlegen navigasjonsoppleving, takka vere enkel brukarvenlegheit og eineståande grafikk.

Google Maps og YouTube i infotainmentsystemet

For å berike opplevinga ytterlegare vil selskapa introdusere YouTube-appen inn i infotainmentsystemet. I tillegg vil Mercedes-Benz bruke dataen til Google maps for å aktivere assisterte køyrefunksjonar som automatisk fartsjustering før kryss, rundkøyringar eller skarpe svingar.

Første del tilgjenge allereie i dag

Som første skritt vil Mercedes-Benz gi kundane tilgang til stadsdetaljar levert av Google, og hjelpe dei finne detaljert informasjon om meir enn 200 millionar bedrifter og stadar rundt om i verda, inkludert opningstider, bilder, vurderingar og anmeldelser.

Detaljar om stadar vil vere tilgjenge frå og med i dag i alle køyretøy med den nyaste generasjonen MBUX i fleire av marknadane.