Hugs å etterstramme hjulboltane


Jobben med hjulskift er ikkje ferdig når sommardekka er på bilen. Etter nokre mil bør boltane etterstrammast.

– Når ein av tre ikkje gjer det, utgjer det om lag 850 000 bilar der boltane kan utgjere ein trafikkfare, seier Nils Sødal, kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

NAF anbefalar at du etterstrammar hjulboltane etter å ha køyrt 50 kilometer etter hjulskiftet. Dette gjeld både om du har gjort det sjølv eller eit verkstad har gjort det for deg.

Les også: Dyr i vegbana: Skal du køyra over katten eller styre vekk? – Dette seier forsikringsselskapa

Grunnen til at det er lurt å etterstramme hjulboltane er at hjula kan løsne frå bilen. 

– Vi merkar ein auke i talet bilar som treng berging etter å ha mista hjul på grunn av lause boltar dei første vekene etter kvar hjulskiftsesong, seier Sødal.

Etter at du har skifta hjul på bilen eller andre har gjort det for deg, er det lurt å følgje med litt. Det er mogleg å oppdage lause boltar før hjule fell av i fart.

– Høyrer du ulydar frå hjula bør du stoppe så snart du kan for å sjekke om boltane sit som dei skal. Difor er det lurt å ha med eit hjulkryss eller ein momentnøkkel liggjande i bilen for å stramme til om det trengst, seier Sødal.