Forventningsbarometeret: – Økonomiske utfordringar treff norske forbrukarar hardt


Det såkalla Forventningsbarometeret måler forventningar norske hushaldningar har til sin eigen og landets økonomi. Det vert utarbeida kvartalsvis av foreninga Finans Norge og marknadsføringsfirmaet Kantar Public.

I dag publiserte dei rapport for 1. kvartal 2023 som viser at framtidstrua blant forbrukarar framleis er rekordlåg, og på same nivå som forrige rapport. Tala i den forrige målinga hadde aldri vore målt lågare i barometerets historie som går attende til 1992. 

60-åringar meir positive

I følgje rapporten er det forbrukarar i aldersgruppa 60-pluss som har mest positiv framtidstru. 

Les også: Jan Ludvig Andreassen: – Det blir ikkje meir arbeidsinnvandring av renteauke

Idar Kreutzer som er direktør i Finans Norge meiner dette kan ha samanheng med at dei eldste også er dei som har mest på bok og lågast lån, og difor ikkje kjenner effekten av hyppig renteauke på same måte som dei yngre. 

Hushaldningane i ferd med å bruke opp reservene

Sidan forrige måling viser indikatorane eit markant fall i indikatorar som viser ønskje om å nedbetale lån og spare meir. 

Kreutzer meiner årsaka er at hushaldningane no er i ferd med å bruke opp reservene og difor ser at ekstra pengar må gå til dei faste månadlege utgiftene og at muligheitene til å spare vert vanskeleg. 

– Sjølv om Norges Bank no antydar at vi nærmar oss slutten på renteauke, har andre utgifter som kommunale utgifter, matvarar og straum teke stadig større del av folks disponible inntekter, seier Kreutzer.

Barometeret viser også at norske husholdningar er meir negative enn EUs husholdningar. 

– Det er eit paradoks at norske husholdningar likevel har ein like pessimistisk framtidstru enn snittet i Europa. Det vitnar om økonomiske utfordringar som treff norske forbrukarar hardt, seier Kreutzer.