Sjøforsvaret driv kampanje for å påverke kva norsk presse skriv om Helge Ingstad-saken


Kort tid etter at Grafen hadde publisert saka om den tiltalte Helge Ingstad-vaktsjefen, Ben-Thore Hansen (33), forsøkte ein orlogskaptein i Sjøforsvaret å påverke innhaldet.

Det var orlogskaptein Michel Hayes som også er talsperson for Sjøforsvaret som ville at Grafen skulle slette namnet til vaktsjefen.

Den desperate orlogskaptein ringte først på redaksjonen sin vakttelefon, sendte e-post og meldingar direkte til redaktør på Facebook. Nedanfor kan du lese heile e-postmeldinga:

Faksimile: E-postmelding sendt av orlogskaptein Michel Hayes i Sjøforsvaret til Grafen.

Ikkje brot på god presseskikk å offentleggjere namnet på vaktsjefen

Tidlegare generalsekretær i Norsk redaktørforening, Arne Jensen, seier i kommentar til Grafen at det umiddelbart er vanskeleg å sjå at det skulle vere openbart brot på god presseskikk.

Grunngjevinga til Grafen for offentleggjering av namnet er dei store skadane som beløper seg til over fem milliardar, eller – 5 000 millionar – norske kroner. Altså meir enn skadeomfanget til Anders Behring Breivik og kyrkjebrannane til Varg Vikernes.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.