Risikerer fengsel etter forliset til fregatten Helge Ingstad

    KNM «Helge Ingstad» (F313). Foto: Forsvaret.

    Det er avdelingssjef i marinen Ben-Thore Hansen (33) som måndag må møte på tiltalebenken etter forliset til fregatten Helge Ingstad i 2018.

    Det var natta til 8. november at han som ansvarshavande navigatør førte fregatten sørover Hjeltefjorden og kolliderte med den fullasta oljetankeren Sola TS.

    Fregatten fekk ei stor flenge i skroget og vart forsøkt sett på grunn, men sokk og vart seinare heva i februar 2019. I 2021 vart den frakta til Hanøytangen i Askøy for å bli spikar.

    Bakgrunnen for tiltalen signert Magne Kvamme Sylta er at vaktsjefen ikkje utviste tilstrekkeleg aktsemd eller tok forholdsreglar som sikker navigasjon føreset. I hovudsak er tiltalen basert på to feilvurderingar:

    Den første er at vaksjefen ikkje undersøkte det lysande objektet om det var landfast eller eit fartøy. Statsadvokaten meiner også at han ikkje brukte tilgjenge hjelpemiddel som AIS [antikollisjonshjelpemiddel, red. anm.], radar, be andre på brua om å finne ut meir, og ikkje fekk med seg at oljetankeren meldte avgang på radio nokre minuttar tidlegare.

    Det andre var å ikkje gjere unnamanøver i tide. I tiltalen skriv statsadvokaten at vaktsjefen vart beden av losen på oljetankeren om å svinge styrbord med ein gang, men gjorde ikkje tiltak for å avverge fare eller skade, som ved å setje ned farten inntil det var avklara kvifor han måtte svinge styrbord.

    Les også: Sjøforsvaret driv kampanje for å påverke kva norsk presse skriv om Helge Ingstad-saken


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.