Mímir Kristjánsson: – Arbeidslina er line for trygdekutt eller fattigdom


Mímir Kristjánsson i Raudt starta nyåret med å ta eit kraftig oppgjer mot regjeringa si arbeidsline, og har dei siste vekene vore i heftige debattar.

– Den såkalla arbeidslina må vere det styggaste eksempelet på misvisande marknadsføring i Noreg nokonsinne, skriv han.

Kristjánsson meiner det regjeringa i dag kallar arbeidslina ikkje har noko med arbeid å gjere, og viser til formuleringa til Martin Tranmæl og Ole Colbjørnsen på 1930-talet med slagordet «Heile folket i arbeid». Formuleringa handla om at fellesskapet skulle skaffe alle som kunne og ville arbeide ein jobb. Samtidig vart trygd auka for dei som ikkje kan arbeide.

– Det ein i dag kallar arbeidslina vart formulert av Gro Harlem Brundtland. Den har slagordet «Det skal alltid lønne seg å jobbe». Vekke er fellesskapens ansvar for å skaffe folk arbeid, i staden har ein fått eit slags privat ansvar for å komme seg i arbeid, skriv Kristjánsson.

Les også: Jan Ludvig Andreassen: – Det blir ikkje meir arbeidsinnvandring av renteauke

Han meiner at Staten ikkje lenger skaper arbeid, men vil motivere folk til arbeid, og at dette vert gjort gjennom trygdekutt og mistillit.

– Det må ikkje bli for lett å vere trygda, ein skal ikkje fristast til trygd. Difor må trygdene haldast låge og utilgjenge, skriv han ironisk, og legg til at det ikkje har noko med arbeid å gjere i det heile teke.

Kristjánsson meiner det ein i dag kallar arbeidslina er eigentleg ei linje for trygdekutt eller fattdom.

– Vi bør gjenreise Tranmæls arbeidslinje og kvitte oss med Gro-varianten. Sjølvsagt er det bra om folk kjem seg i arbeid, men ingen kjem seg i arbeid av å vere fattige, avslutta Kristjánsson.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.