Straumutkopling i Europa: Frankrike åtvarar om straumbrot


Frankrike står ovanfor ei straumkrise i januar fordi landets atomkraftverk truleg vil levere lågare enn tidlegare spådd. Det sa den nasjonale nettoperatøren RTE fredag.

RTE som gjev oppdateringar kvar månad om situasjonen bemerkar også at ein nedgang i etterspurnaden for kraft gjer at mangel på straum for desember er mindre enn tidlegare forventa.

Dei meiner at situasjonen virkar mindre risikabel i desember og frå slutten av februar, men januar har større risiko enn førre analyse melder RTE.

Les også: Kraftkrise i Sverige – Rullerande straumutkopling og «blackout» i Europa blir vanleg

Den franske nettoperatøren EDF åtvara tidlegare om at reparasjon og vedlikehald på nær halvparten av landets atomkraftverk kan gjere Frankrike, som tradisjonelt har vore ein krafteksportør, til ein importør i år.

Gir varsel tre dagar i førevegen om krav om redusert forbruk

Frankrike genererar om lag 70 % av elektrisiteten frå 56 atomreaktorar. Likevel var berre 31 av dei aktive fredag morgon. EDF har planar om å starte 15 på nytt innan utgangen av året, medan ytterlegare 10 dei første månadane i 2023. Andre reaktorar må då stengast ned for vedlikehald.

Den franske regjeringa har oppfordra verksemder og private hushaldningar til å spare energi for å unngå straumbrot. Ved eventuell straummangel vil RTE lansere eit Ecowatt-varsel tre dagar i førevegen med krav om redusert forbruk.