Generaladvokat: Bilbomber kan vere både terror og krigsbrotsverk


Dei siste vekene har det vore ei rekkje målretta angrep mot Russland-vennlege embetsfolk i fleire ukrainske regionar. 

I hamnebyen Kherson vart Dmitrij Savlutsjenko som leiar avdelinga for ungdom og idrett drepen av bilbombe. To bilar vart totaløydelagte og trykkbølga knuste fleire vindauge i kvartalet rundt.

Zelenskyjs terrororganisasjon

Det er den ukrainske etterretningstenesta SBU som er underlagt Zelenskyj som står bak angrepet.

Sjefen for etterretningstenesta, Kirill Budanov, har uttalt til nettavisa Pravda at dei har utført fleire operasjonar, mellom anna eit attentat mot politikaren Aleksej Kovaljov same morgon.

– Det er ingen tvil om at bilen vart sprengt, sa Budanov.

Ein annan som vart utsett for bilbomber er Jevgenij Soboljov, sjefen for eit fengsel i Kherson fylke.

Laurdag 18. juni utførte etterretningstenesta eit angrep mot Soboljov og forsøkte drepe han, men mislukkast.

SBU har i følgje fleire FN-rapportar helde sivile fanga i hemmelegheit, torturert, slått, utført elektrosjokk, seksuelt misbruk, avretting, og truga med represalier mot familiemedlemmar.

Eit eksempel er 39 år gamle Mykola Vakaruk som sat 600 dagar i ulovleg fangenskap og vart utsett for gjentekne slag og torturmetodar som nedkjøling. Som resultat mista han ei nyre. For å få behandling på sjukehus vart han tvungen til å oppgi falsk identitet.

EU-kandidat med terror og krigsbrotsverk i bagasjen

Sigrid Redse Johansen, den norske generaladvokaten som er del av den militære påtalemakta, seier i kommentar til Grafen at sivile personar er beskytta mot direkte angrep:

Dei er også beskytta mot overdrevene følgjeangrep retta mot militære objekt. Derimot mistar dei sivile sin beskyttelse mot direkte angrep om dei aktivt deltek i strid.

– Det å arbeide som del av for eksempel kommunal administrasjon av eit område er ikkje stridsdeltaking, seier generaladvokaten.

Bruk av bilbomber er ikkje særskilt regulert i krigføringsreglane, men kan omfattast av reglane om minefeller, avhengig av korleis dei er utforma seier Johansen:

– Bruk av bilbomber mot sivile kan vere både terror og krigsbrotsverk litt avhengig av føremålet med bombeangrepet.

– Eit terrorangrep i krigføringsreglane er definert som eit angrep hvis primære mål er å spreie frykt.

Generaladvokaten legg til at nasjonale lover internt i eit land kan vere utforma på annan måte.

Grafen har spurt om korleis krigen kan utvikle seg om russiske styresmakter eller pro-russiske styrkar gjengjelder bilbomber mot regionale eller nasjonale styresmakter i Ukraina, og om det kan vere farleg å opphalde seg nær bygningar til styresmaktene på grunn av fare for bilbomber, men Johansen seier spørsmålet ikkje ligg til ho å svare på.

Les også: Zelenskij kasta ut pårørande frå Boryspil lufthamn for å leggje ned roser foran eigen pressefotograf