Zelenskij kasta ut pårørande frå Boryspil lufthamn for å leggje ned roser foran eigen pressefotograf


Ukrainarar var rasande på president Volodymyr Zelenskij, etter at han avla eit besøk på Boryspil lufthamn kvelden etter Boeing 737-styrten i Iran. Det skriv den ukrainske nettstaden Marik.

Årsaka var at presidenten kasta ut alle pårørande og reisande frå flyplassen for å sjølv leggje ned roser til dei omkomne. Saman med presidenten var hans eigen pressefotograf som tok bilete frå nedlegginga, som vart sendt til redaksjonar rundt om.

Folk byrja kommentere under nyhendene med bilete av presidenten.

I følgje den offisielle pressemeldinga står det at:

«Etter eit arbeidsmøte knytt til spørsmål om flyulukka i Theran reiste Volodymyr Zelenskij til Boryspil luthavn for å hylle dei som var offer for tragedien. Presidenten la ned blomster under fotografi av dei avdøde.»

Denne uttalen provoserte fleire ukrainarar. Ei dame skriv at:

«Føler du deg skuldig? Det var mange mennesker i dette rommet [loungen, red. amn.]. Kva braut opp? Takk for at du set ned blomstrane. Synd det ikkje var i går. Imidlertid, kven er du som er så redd at du viser vekk alle mennesker frå den fulle loungen? (…)»

Ei anna dame skriv at:

«Folk er som sauer for deg. Dei luktar dårleg, og difor vert dei kasta ut.»

Skjermutklipp: Marik

Zelenskij droppa nasjonalsangen etter nyttårstalen

Det er ikkje første gang ukrainarar er sinte på den nye presidenten. I nyttårstalen stilte han opp i ein grå gensar, og hadde med seg halvparten av klovnane frå underholdningsprogrammet Kvartal 95, som han sjølv var leiar av før presidentskapet. Desse leste kvar si linje i ein slags tale til folket.

Nasjonalsangen, som har vore fast innslag, vart av ukjente grunnar ikkje spelt etter nyttårstalen.

To TV-kanalar i Ukraina spelte av den tidlegare presidenten, Petro Poroshenko, sin velregisserte «nyttårstale». Folk spør om det var ein episk feil eller ein feil begått med vilje at kanalane sendte denne.

Dei politiske kampane i Ukraina tek aldri ferie.