Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Den undersjøiske kraftkabelen mellom Noreg og Tyskland var ute av drift siste helga i januar, men utkoplinga påverka ikkje kraftprisen slik mange trur.

NordLink fører høgspent likestraum gjennom Nordsjøen mellom Agder og Schleswig-Holstein i Tyskland. Den er verdas lengste undersjøiske straumkabel.

Kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson, seier i kommentar til Grafen at kabelen var ute av drift laurdag 29. januar og kom tilbake søndag kveld:

– Då forbindelsen fall, importerte Noreg 1100 megawatt frå Tyskland.

– Brotet hadde difor lite å seie for prisnivået i Sør-Noreg, både fordi kabelen var inne igjen etter under eit døgn og fordi prisane no i all hovudsak vert sett av den låge fyllingsgrada i magasina.

I følgje Nilson kan prisnivået bli påverka dersom det oppstår store langvarige feil. Men det var ikkje tilfellet denne helga.

Sjeldan feil på kabel

Nilson forklarer at det i hovudsak er berre to typar feil som kan oppstå. Desse er anten i landanlegg eller på sjølve kabelen.

– Statnett får feilmelding til sin driftssentral straks forbindelsen fell ut og kan byrje arbeidet med feilsøking då. Av og til finn ein enkelt feilen, medan i andre tilfeller må ein sende ut mannskap til stasjonen, seier Nilson.

Feil på sjølve kabelen derimot oppstår veldig sjeldan.

– Det kan skje ved at skip slit seg og driv over kabelen eller at botntrål kjem for nær.

– For å avdekkje slike feil på kabelen må Statnett ut med ROV [Fjernstyrt undervannsfarkost, red. anm.] for å sjå om det er brot på kabelen.

Les også: Ventar sjokkpris på straum frå november, men russisk gassledning kan senke straumprisane i Noreg

Brot påverka ikkje kraftprisen

Kraftmarknadsanalytikar Fabian Skarboe Rønningen i Rystad Energy forklarer at forskjellen i straumprisane har vore innanfor normale verdiar dei siste dagane:

– Den enklaste måten å undersøkje dette på er å sjå forskjellen mellom spotpris mellom dei norske prissonene for straum og den tyske kraftprisen [Tyskland har berre ei prissone].

Rønningen viser til figuren nedanfor med gjennomsnittlege daglege spotprisar i Tyskland [DE] og dei to mest sørlege prissonene i Noreg [NO1, NO2].

Ilustrasjon: Nord Pool.

– Vi kan lese direkte frå grafen at vanlegvis er straumprisen adskilleg høgare i Tyskland enn i Noreg, med nokre klare unntak. Eit av desse unntaka var dei siste dagane i 2021, og dei første av 2022.

– Vi kan vidare sjå at forskjellen dei siste dagane ikkje har vore utanom normalen.

I den andre figuren kan ein sjå at forskjellen mellom tyske og norske prisar ligg innanfor normale verdiar dei siste dagene, forklarer Rønningen.

– Data definert som tysk pris [DE] minus norsk pris [NO2], så viss positivt tal er det høgare pris i Tyskland enn i Noreg.

Illustrasjon: Nord Pool.

Rønningen seier at eit interessant moment er at kraftprisen i Tyskland 30. januar var billigare sidan det var mykje vind i Tyskland den dagen.

I følgje Statnett sin kommunikasjonssjef importerte Noreg 1100 megawatt då kabelen fall ut.

Kort fortalt har ikkje nedetida på kabel auka eller forsterka forskjellar i kraftpris mellom dei to marknadane samanlikna med normal situasjon.

Men i følgje Rønningen vil krafta flyte frå Noreg til Tyskland i tilfeller der tyske prisar er høgare enn norske prisar og slik auke norske kraftprisar.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.