Prisane på naturgass i Europa nådde nye høgder denne veka då terminkontraktar for oktober passerte 800 dollar per 1000 kubikkmeter eller 65,50 euro per megawattime for hushaldningar ved nederlandske Title Transfer Facility [TTF].

Prisauken var heile 70 dollar per 1000 kubikkmeter på berre éin dag. Den høgaste på over ti år.

Ekspertar intervjua av nyhendebyrået TASS har åtvara om at råvareprisane i Europa er unormale og volatile, der nye rekordar kan komme grunna dei låge lagringsvoluma samtidig som vinteren nærmar seg raskt.

Dmitry Marinchenko, direktør for naturressursar i ratingbyrået Fitch seier i kommentar til TASS at Russland kan redde energimarknaden i Europa med Nord Stream 2-gassledningen som går frå Vyborg til den tyske byen Greifswald.

Tidlegare denne månaden sa energiselskapet Gazprom at konstruksjonen av Nord Stream 2 er ferdig, og dei planlegg drift mot slutten av 2021, når naudsynte sertifikasjonar er på plass.

Om dei greier få dette til i løpet av tre månader gjenstår å sjå.

Så langt har amerikanske styresmakter forsøkt stoppe bygginga av gassledningen ved å innføre sanksjonar mot alle slags selskap og personar – også eigne allierte – som bidreg inn i prosjektet, og intensivert sanksjonane.

Det Norske Veritas eller DNV GL som det no heiter vart i fjor haust truga med økonomiske sanksjonar for deltaking i prosjektet. Amerikanske styresmakter har ikkje berre truga europeiske, men også norske interesser og arbeidsplassar, og norsk økonomi.

Nord Stream 2-gassrøyrledningen er 1200 kilometer lang og bygd med over 200 000 stålrøyr som på biletet. Av desse er 78 500 produsert i den tyske byen Mülheim. Her frå produksjonslokalet i Tyskland. Foto: Nord Stream 2.

Prisauke i oktober, ny prisauke i november…

Allereie 1. oktober koplar Noreg seg på kraftmarknaden i Storbritannia gjennom sjøkabelen North Sea Link som strekkjer seg frå Suldal i Ryfylke til Easington i Storbritannia.

Kabelen har kapasitet på heile 1400 megawatt og vil om berre to veker eksportere havlparten, 700 megawatt, tross halvtomme vassmagasin i Noreg.

Kraftprisane har auka over heile Europa dei siste månadane. I Tyskland og Danmark var i den snitt 130 øre/kWh denne veka. Noko av dette skuldast låg vindkraftproduksjon og auke i gass-, kol- og CO2-kvoteprisar.

Statnett skriv på sine heimesider for veke 36 at magasinfyllinga ligg rundt eller under medianen i Midt-Noreg og Søraust-Noreg. I Vest-Noreg er magasinfyllinga heile 20 % under medianen – det lågaste nivået på 20 år.

Utan kraftig nedbør i haust blir situasjonen verre.

Transport av krafttransformator til det norske sentralnettet med spenningsnivå på 420 kV. Foto: Grafen.

Nord Stream 2 manglar regulatorisk godkjenning av Europakommisjonen

Grafen har snakka med analytikar Sindre Knutsson i Rystad Energy som stadfestar at oppstart av Nord Stream 2 vil bidra til å balansere den europeiske energimarknaden:

– Frå eit konstruksjonsperspektiv kan gassledninga sende gass til Europa frå fjerde kvartal 2021, seier Knutsson, men den treng regulatorisk godkjenning frå Europakommisjonen og tyske Bundesnetzagentur før den kan setjast i drift.

– Denne prosessen kan ta alt frå seks til åtte månader frå då alt papirarbeidet vart sendt inn tidlegare denne veka.

På toppen av dette treng gassledninga prosjektsertifisering, seier han.

Det norske klasseselskapet DNV GL skulle sertifisere ledninga, men trakk seg frå prosessen grunna trugsmål frå amerikanske styresmakter.

På grunn av denne tidslinja vert det ikkje oppstart av Nord Stream 2 før tidlegare i slutten av første eller andre kvartal 2022, trur Knutsson.

Han seier at konsensusen i marknaden er slik at Nord Stream 2 ikkje vil sende betydelege volum denne vinteren og lette trykket på gass- og kraftprisar.

Då må folk førebu seg på ekstreme kraftprisar.

Gassmangel i Europa

Ein av årsakane til dei ekstreme kraftprisane i Europa denne sommaren og hausten er gassprisane, hovudsakleg grunna gassmangel i Europa, seier Fabian Rønningen i Rystad Energy til Grafen.

– I tillegg til dette har vi svært høge prisar på karbon og kol, og lite frå fornybare energikjelder, som leiar til den ekstreme situasjonen.

Rønningen seier at når Nord Stream 2 kjem i drift vil den gi mindre gassmangel i Europa, som kan gi lågare gassprisar og lågare kraftprisar:

– Sidan Noreg er tilkopla kontinentet og Storbritannia med fleire ledningar og prisane er kopla, vil ein reduksjon i prisane i Europa også føre til reduksjon i prisane i Noreg.

– Men akkurat no forventar ekspertar i marknadane svært høge kraftprisar i vinter, og når den nye ledninga North Sea Link mellom Noreg og Storbritannia kjem i drift 1. oktober skjer ei ny kopling av prisar i den europeiske marknaden, som kan føre til at Noreg får kraftprisar på tysk nivå allereie frå skiftet november – desember, seier han.

Dei tyske kraftprisane vart handla for 140 euro per megawattime eller rundt 140 norske ører per kilowattime for den månaden. I Noreg kjem nettleige og avgifter i tillegg.

Figuren nedanfor viser korleis prisane på gass og kol har utvikla seg i Europa. Desse prisane er med å setje kraftprisane.

Prisutvikling gass og kol i Europa sidan 2019. Desse er med å setje kraftprisane. Foto: Carlos’ REW presentation/Rystad Energy.

Les også: Kraftkrise i Sverige – Rullerande straumutkopling og «blackout» i Europa blir vanleg


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.