Den undersjøiske kraftkabelen mellom Noreg og Tyskland var ute av drift siste helga i januar, men utkoplinga påverka ikkje kraftprisen slik mange trur.
NordLink fører høgspent likestraum gjennom Nordsjøen mellom Agder og Schleswig-Holstein i Tyskland. Den er verdas lengste undersjøiske straumkabel.
Kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson, seier i kommentar til Grafen at kabelen var ute av drift laurdag 29. januar og kom tilbake søndag kveld:
– Då forbindelsen fall, importerte Noreg 1100 megawatt frå Tyskland.
– Brotet hadde difor lite å seie for prisnivået i Sør-Noreg, både fordi kabelen var inne igjen etter under eit døgn og fordi prisane no i all hovudsak vert sett av den låge fyllingsgrada i magasina.
I følgje Nilson kan prisnivået bli påverka dersom det oppstår store langvarige feil. Men det var ikkje tilfellet denne helga.
Sjeldan feil på kabel
Nilson forklarer at det i hovudsak er berre to typar feil som kan oppstå. Desse er anten i landanlegg eller på sjølve kabelen.
– Statnett får feilmelding til sin driftssentral straks forbindelsen fell ut og kan byrje arbeidet med feilsøking då. Av og til finn ein enkelt feilen, medan i andre tilfeller må ein sende ut mannskap til stasjonen, seier Nilson.
Feil på sjølve kabelen derimot oppstår veldig sjeldan.
– Det kan skje ved at skip slit seg og driv over kabelen eller at botntrål kjem for nær.
– For å avdekkje slike feil på kabelen må Statnett ut med ROV [Fjernstyrt undervannsfarkost, red. anm.] for å sjå om det er brot på kabelen.
Les også: Ventar sjokkpris på straum frå november, men russisk gassledning kan senke straumprisane i Noreg
Brot påverka ikkje kraftprisen
Kraftmarknadsanalytikar Fabian Skarboe Rønningen i Rystad Energy forklarer at forskjellen i straumprisane har vore innanfor normale verdiar dei siste dagane:
– Den enklaste måten å undersøkje dette på er å sjå forskjellen mellom spotpris mellom dei norske prissonene for straum og den tyske kraftprisen [Tyskland har berre ei prissone].
Rønningen viser til figuren nedanfor med gjennomsnittlege daglege spotprisar i Tyskland [DE] og dei to mest sørlege prissonene i Noreg [NO1, NO2].
– Vi kan lese direkte frå grafen at vanlegvis er straumprisen adskilleg høgare i Tyskland enn i Noreg, med nokre klare unntak. Eit av desse unntaka var dei siste dagane i 2021, og dei første av 2022.
– Vi kan vidare sjå at forskjellen dei siste dagane ikkje har vore utanom normalen.
I den andre figuren kan ein sjå at forskjellen mellom tyske og norske prisar ligg innanfor normale verdiar dei siste dagene, forklarer Rønningen.
– Data definert som tysk pris [DE] minus norsk pris [NO2], så viss positivt tal er det høgare pris i Tyskland enn i Noreg.
Rønningen seier at eit interessant moment er at kraftprisen i Tyskland 30. januar var billigare sidan det var mykje vind i Tyskland den dagen.
I følgje Statnett sin kommunikasjonssjef importerte Noreg 1100 megawatt då kabelen fall ut.
Kort fortalt har ikkje nedetida på kabel auka eller forsterka forskjellar i kraftpris mellom dei to marknadane samanlikna med normal situasjon.
Men i følgje Rønningen vil krafta flyte frå Noreg til Tyskland i tilfeller der tyske prisar er høgare enn norske prisar og slik auke norske kraftprisar.