Helsingforskomiteen gir blaffen i norske «Tommy»


Den norske Helsingforskomité presenterer seg sjølv som ein forsvarer for menneskerettane, men driv i realiteten berre med politisk aktivisme overfor Russland.

I desember i fjor kunne vi lese om 48 år gamle «Tommy» frå Trøndelag som vart utsett for grov politivald og undertrykkelse av politiet.

Politiet nekta vidare «Tommy» legehjelp etter å ha først utsett han for alvorleg vald, ved å be ambulanse og helsepersonell om å forlate staden.

Spesialeininga for politisaker som skal granske lovbrot i politiet la vekk saka, noko dei alltid gjer.

Forsvarsadvokat Marius Dietrichson kritiserte henleggelsen og sa i kommentar til Nrk at «tilliten til politiet krev at vi har eit organ som effektivt er i stand til å oversjå og kontrollere politiet si åtferd».

Dietrichson meinte også at viss Spesialeininga ikkje greier gjere jobben må samfunnet sjå om det finst andre system.

Spesialeininga for politisaker erstatta det tidlegare såkalla Særskilte etterforskningsorgana [SEFO] som var berykta for omfattande korrupsjon og for å vere partisk overfor politiet.

Ikkje ulikt det Spesialeininga for politisaker held fram med.

Helsingforskomiteen bryr seg ikkje om brot på menneskerettane i Noreg

Når folk blir utsett for politivald i land utanfor «Vesten» som Russland eller Kviterussland blir dette kritisert av Helsingforskomiteen som då også kjem med anbefalinger og oppfordringar til både politikarar og bedrifter.

«Tommy» vart utsett for politivald fordi han filma politiet med mobiltelefonen sin.

Når politivald skjer i Noreg er derimot Helsingforskomiteen stille som østers og ignorerer hendingane:

Grafen har spurt komiteen om kvifor dei ikkje engasjerer seg i saka til «Tommy» og om dei vil ta denne opp med styresmaktene. Dette sa komiteen nei til.

Kommunikasjonssjef Dag Fedøy i Den norske Helsingforskomité svarte ikkje direkte på nokon av spørsmåla Grafen stilte.

Fedøy sa at komiteten «ikkje arbeidar med enkeltsaker som denne».

Fedøy sa også at komiteen heller ikkje har teke opp spørsmål om politivald og Spesialeininga på fleire år, og at dei ikkje vil etterprøve vurderingane til Spesialeininga fordi det er ressurskrevjande.

Då Grafen stilte oppfølgingsspørsmål om kvifor Helsingforskomiteen engasjerer seg sterkt i enkeltsaker i utlandet som til dømes yrkesdemonstranten Aleksej Navalnyj vart det like taust som i grava frå kommunikasjonsrådgjevaren.

Det framstår som eit mysterium korleis Helsingforskomiteen har uendelege ressursar til å etterprøve alle slags vurderingar til politi og påtale i både Russland og Kviterussland, men ikkje i Noreg.

Her er spørsmåla Grafen stilte Helsingforskomiteen, som dei ikkje svarte på:
* Kvar er dykkar engasjement for «Tommy» i heimelege trakter?* Vil dere ta opp saka hans med styresmaktene?
* Vil dere kritisere Spesialeininga og systemet som Dietrichson viser til som ikkje fungerer?
* Trur dykk det er mørketal i dei henlagte sakene til Spesialeininga?
* Kva meiner dykk at staten må gjere for å betre rettstryggleiken og menneskerettane?
* Når politiet slår folk som filmar politiet på oppdrag, kva sier dette om situasjonen i Noreg? og kva betyr dette for f.eks. fotojournalistar?