Saxo Bank om 2022: Løns-pris-spiral driv inflasjonen i USA over 15 %

Saxo Bank hovudkontor. Foto: Saxo Bank.

Inflasjonen i USA vil auke til over 15 % neste år som følgje løns-pris-spiralen. Det skriv makroøkonomen Christopher Dembik i Saxo Bank.

Løns-pris-spiral er  samanhengen mellom løns- og prisstiging. Dersom den eine aukar vil den andre følgje etter. Dette til dømes ved dyrare import av varer, så vil løningane følgje med. Også andre faktorar kan påverke spiralen, slik som restriksjonane innført etter covid-19-utbrotet.

Les også: Nordea fjerna analyse med vaksinekritikk og gav senioranalytikarar skriveforbod

I Dembik si analyse vil løns-pris-spiralen oppstå slik den gjorde på slutten av 1960-talet då den amerikanske sentralbanken feilvurderte kor varmt dei kunne drive den amerikanske arbeidsmarknaden.

Denne feilen la vegen for ein massiv løns-pris-spiral det påfølgande tiåret. Den amerikanske konsumprisindeksen nådde ein topp på 11,8 % i februar 1975. Så kom resesjonen i 1980-1982 med brutale auker i styringsrenta til nivå høge som 20 % for å drepe inflasjonen.

Den store forskjellen mellom i dag og på slutten av 1960-talet er at pandemien har ført til ei stor oppvakning hjå arbeidsfolk

Dembik meiner at den amerikanske sentralbanken vil gjere samme feil i 2022 sidan den amerikanske økonomien etter covid-19-utbrotet, og særleg arbeidsmarknaden, er sterkt avgrensa. Den noverande sentralbanksjefen trur at millionar av amerikanarar vil gå attande til sin gamle jobb når covid-19-pandemien er over.

Dette er feil meiner makroøkonomen. Han meiner at fleire av dei kvalifiserte arbeidstakarane har gått av med tidleg pensjon på grunn av krisa, og dermed forlatt den amerikanske arbeidsstyrken permanent. 

Den amerikanske sentralbanken si avdeling i St. Louis meiner at utvandringa av eldre arbeidstakarar vil vere rundt 3 millionar. Andre vil ikkje gå attende til dårleg betalte jobbar etter å ha sett enorme utdelingar under pandemien. Dei siste vil vente på betre jobbar og høgare løn.

Dembik meiner at den store forskjellen mellom i dag og på slutten av 1960-talet er at pandemien har ført til ei stor oppvakning hjå arbeidsfolk.

På vers av sektorar og inntektsklassar innser arbeidstakarane no at dei har meir makt enn tidlegare. Dei vil krevje ei betre oppleving av å vere i arbeid: betre arbeidsforhold, høgare løn, meir fleksibilitet og det å ha ei kjensle av hensikt med arbeidet som vert utført.

Dette saman med vedvarande inflasjonspress frå produksjonssida, energikrisa og mangel på arbeidskraft, vil resultere i tosifra lønsauke innan utgangen av året.

Som ein konsekvens vil inflasjonen i USA auke til over 15 % for første gang sidan andre verdskrig, trur Dembik.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.