Nordea fjerna analyse med vaksinekritikk og gav senioranalytikarar skriveforbod


Sjefstrateg i Nordea Andreas Steno Larsen fekk skriveforbod etter analyse som satte kritisk lys på covid-19 vaksinene. I sosiale medier har han fått heltestatus. Foto: Nordea.

Sjefstrateg Andreas Steno Larsen og sjefanalytikar Martin Enlund i Nordea publiserte søndag ei marknadsanalyse i «Nordea weekly» med tittelen «Papers please, and how to trade them!».

I marknadsanalysa sette dei erfarne analytikarane eit kritisk lys på kornavaksinene sin effektivitet, og antyda at såkalla boosterdosar kan føre til meir smitte. Dei kritiserte også styresmaktene i fleire land.

Nordea sletta analysa etter press frå mellom anna den finske politikaren Mikko Kärnä. Nettstaden Dagens Næring skriv i ein artikkel at dei har fått opplyst frå Nordea at banken har sett i gang intern etterforskning.

Analysa som vart publisert 22.11.2021 er fullt tilgjenge på nettstaden Wayback Machine som fungerer som ein teneste som arkiverer internettsider av ein viss storleik. Du kan også lese den sletta analysa her.

«Lockdownistane er attende i førarsetet»

Analytikarane opnar med at «Det å vere «short» på Fauci [amerikansk immunolog og medlem av White House Coronavirus Task Force, red. anm.] har vore ein 100 % trygg strategi gjennom pandemien, og slik er caset fortsatt meiner vi. Lockdownistane er attende i førarsetet. Her er korleis du handlar det.».

Vidare skriv dei at «det brukte ta to veker å flate ut kurva, men på ein eller annan måte har det utvikla seg til å fengsle uvaksinerte (eller verre)», og at «lockdownistane har vore på parade også den siste veka med «papers please»-system som er implementert i mange land for å forsøkje auke injeksjonsraten».

«Papers please» er ein henvisning til filmklassikaren Casablanca frå 1942 der handlinga utspelar seg  i den Vichy-regjerte fransk-marokkanske byen under andre verdskrig. I scena blir ein mann stoppa på gata av politiet og spurt om «papirer». Då mannen svarer politiet at han ikkje trur han har dei med seg, svarer politiet at han må bli med dei. Då politiet ser at papira hans gjekk ut for tre veker sidan, blir han pågripen – ikkje ulikt kva som skjer i Europa og rundt om i verda i dag.

Vidare skriv analytikarane at «vaksina er så god at dei må tvinge folk til å ta den». Dei viser også til den mest vaksinerte staten i USA, Vermont, som likevel har den høgaste auken i smittetal. Det same i Gibraltar der boosterdosar fører til kraftig auke i smitte.

Born mistar utdanning

– Viss ein set til side alt vi lærte frå Nürnbergprosessen, som for eksempel kroppsleg integritet, informerte val og innveknad på borgarrettar, og vidare (fordi ingen bryr seg?), så har nedstenging og vaksinepåbod likevel konsekvensar, skriv analytikarane.

Dei viser til at stengte skular kan føre til at born mistar utdanning og sidan mennesker er sosiale dyr, så vil det å stenge dei inne eller redusere sosial samkomst gi kostnader sjølv om desse ikkje kjem til syne i bruttonasjonalproduktet. Dei viser til ein artikkel i den britiske avisa The Telegraph der 10 000 mennesker har døydd dei siste fire månadane av andre årsaker enn koronaviruset, og at ingen veit kvifor.

Til slutt oppsummerer dei at kinesisk produksjon kjem til å «fyre på alle sylindrar» denne vinteren, noko som kjem å auke etterspurnaden etter naturgass for å mellom anna sikre at forureiningsløfta vert helde i forkant av vinter-OL i februar.

Grafen har tidlegare omtalt dette i saka nedanfor:

Les også: Ventar sjokkpris på straum frå november, men russisk gassledning kan senke straumprisane i Noreg

Fekk skriveforbod av Nordea – Publikum: «Dei to tøffaste ansatte som Nordea har»

Etter press sletta Nordea analysa og gav analytikarane skriveforbod som følgje ei intern gransking.

I kommentar til nettstaden Bloomberg seier banken at dei har byrja ei intern gransking og at analytikarane ikkje kjem til å skrive eller publisere noko under den interne gjennomgangen.

Publikum er derimot av anna oppfatning, og på sosiale medier står det mellom anna at:

Håndteringen av pandemien er en katastrofe! Nå vurderes det å ta i bruk et pass som stenger et mindretall av befolkningen ute fra samfunnet. For å delta på lik linje som sine medborgere så må det tas en, to, tre… vaksiner som pt. ingen i Norge aner det fulle innholdet av…, og som ikke hindrer videresmitte…

På meg virker det som om dette er de to tøffeste ansatte som Nordea har – jeg heier på dem💪

Hilsen Nordea kunde

og

Nordea trekker altså en faglig vurdert analyse fordi det ikke står i stil med «posisjonen» deres til covid? Er ikke hele poenget med en analyse å analysere? 🤔