Europeiske bedrifter kan måtte stengje ned på grunn av høge gass- og kraftprisar


Europakommisjonens president, Ursula von der Leyen, seier i ein uttale i dag at dei høge gass- og kraftprisane i EU kan føre til nedstenging i europeiske bedrifter.

Prisane på naturgass for hushaldningar ved nederlandske Title Transfer Facility [TTF] auka til 1155 dollar per 1000 kubikkmeter eller 96 euro per megawatt-time for november-kontraktane.

Då Grafen skreiv om prisauken i september var den rekordhøge 800 dollar per 1000 kubikkmeter eller 65,50 euro per megawatt-time for oktober-kontraktane. Den nye prisauken er mykje høgare enn venta.

Les også: Ventar sjokkpris på straum frå november, men russisk gassledning kan senke straumprisane i Noreg

Det var tysdag at gassprisane auka meir enn 20 % i eit Europa som frå tidlegare slit med å møte etterspurnaden etter gass til vintersesongen, og som har nær tomme gasslager.

I mellomtida møter den russiske gassledninga Nord Stream 2, som kunne levert gassen Europa treng, byråkratiske problem i Brüssel.

Gassledninga som er ferdig konstruert treng nemleg regulatorisk godkjenning frå Europakommisjonen og tyske Bundesnetzagentur før den kan setjast i drift. Ein prosess som kan ta alt frå seks til åtte månader.

På same tid har ikkje russiske Gazprom sett opp ekstra kapasitet for transitt gjennom Ukraina i november. Dermed kan det bli ein kald vinter i Europa.

Von der Leyen seier at dei høge prisane på gass pressar kraftprisane høgare over heile Europa. Ho seier at hushaldningar i dag slit med å få endane til å møtast, og bedrifter risikerer stengje ned produksjonen.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.