Den komande «Ringenes Herre»-serien har hausta mykje kritikk fordi den forkynnar multikulturalisme etter at det viste seg at serien vil innehalde eit mangfald av rollar med multirasehobbitar med eit sterkt nærvær av kvinner.
Tidlegare denne veka avslørte den britiske skodespelaren Lenny Henry at han ville spele «svart hobbit» frå ein urfolk-stamme som heiter Harfoots – hobbitar omtalt av Ringenes Herre-forfattar J.R.R. Tolkien som har mørkare hud.
Henry omtalar den nye serien som ein forløpar til bøkene og filmane.
Til BBC fortalte han at serien byggjer på dei tidlegaste dagane av Hobsyssel og Tolkiens miljø. I fantasiverda til Tolkien er Hobsyssel hobbitfolket sitt grøne land som ligg nordvest i Midgard.
– Vi er urfolket av Harfoots. Vi er hobbitar, men vi kallast Harfoots og vi er fleirkulturelle. Vi er ein stamme. Vi er ikkje ein rase, sa Henry, som la til at Harfoots består av ei rekkje forskjellige etnisitetar.
Han la til at forfattarane hadde mykje moro med å ekstrapolere det heile:
– Serien vil innehalde eit sterkt kvinneleg nærvær med kvinnelege heltar i historien, sa han.
Det er Amazon Prime som skal sende serien neste haust. Videogiganten betalte over 250 millionar dollar for å sikre rettane for fire år sidan, etter at Amazon-eigar Jeff Bezos ville ha ein «Game of Thrones»-aktig serie på eigen lest.
Les også: «Matrix»-regissør skreiv ‘Faen ta dykk begge’ til Tesla-gründer og Ivanka Trump
Amazon skal bruke ein halv milliard dollar på den første sesongen av sin eigen Ringenes Herre-serie.
Brukarar på sosiale medier fordømmer derimot Amazons multikulturelle serie og meiner den hånar Tolkiens arbeid og visjon. Fleire kommentatorar har også sagt dei ikkje vil sjå den, og meiner serien blir søppel skapt med ein ideologisk agenda og null respekt for den faktiske historien.