Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.
Filmplakat, The Matrix (1999).

«The Matrix» er ein amerikansk kultsuksess frå 1999 regissert av dei polsk-amerikanske syskena Lilly og Lana Wachowski.

The Matrix-filmen handlar om ei virtuell verd der alle menneska vert helde i fangenskap utan å vita det. Dette attspeglar Platons parabel av menneska i hola.

Parabelen går ut på at om ein lev heile livet i ei hole, fastlenka, og har berre skuggen å sjå på veggen føre seg – kva ville ein då kalla denne veggen? Svaret er «verkelegheita». Det er dette filmen The Matrix spelar på, «kva om verkelegheita ikkje er verkeleg?».

I filmen får skodespelaren Keanu Reeves i rolla som «Neo» valet om å ta to pillar: ein blå eller ein raud. Den blå pillen gjer at han gløymer sanninga og held fram og leve som før, medan den raude pillen gjer at han vaknar opp i den verkelege verda.

Søndag kveld tvitra Tesla-gründer Elon Musk «Ta den raude pillen». Rett etter skreiv Ivanka Trump, som er dotter til USAs president og hans rådgjevar, «Tatt!». Så kvitterte «Matrix»-regissør Lilly Wachovsky med «Faen ta dykk begge».

Meldinga på Twitter fekk over 200 000 likes og nær 50 000 kommentarar. Fleire la til mem [noko som kan imiterast, red. anm.] med henvisning til dei raude og blå fløyene i den amerikanske politikken.

Saka vart først publisert på RT.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.