Dette seier Helsenorge om sine logovariantar


Helsenorge lanserte i fjor ein ein app som i sommar fekk interesseorganisasjonen Dysleksi Norge til å steile på grunn av app-ikonet som har bokstavar hulter til bulter.

Føremålet med appen er å gi pasientar tilgang på Helsenorge-tenestene på smarttelefon og nettbrett. Der kan du finne koronasertifikat, reseptar og meir.

Det statlege nyhendebyrået stilte opp med ikkje mindre enn tre journalistar for å lage sak om app-ikonet, og intervjua interesseorganisasjonen for dysleksi, som meiner ikonet er vanskeleg for folk å lese.

Avdelingsdirektør for innbyggjartenester i Norsk helsenett, Jacqueline Paulsen, seier i kommentar til byrået at app-ikonet ikkje nødvendigvis må vera fullt lesbart, sidan det ikkje vil stå aleine, men saman med namnetrekket deira.

Dette betyr at teksten «Helsenorge» står på ei linje nedanfor ikonet anten det er smarttelefon eller nettbrett.

– Laga ikonet sjølv

Grafen har undersøkt saka nærare og spurt Helsenorge om sine logovariantar dei siste 10 åra. Helsenorge vart lansert i 2011 og sidan den gang har tre statsføretak hatt ansvar for tenesta.

Fram til 2016 var det Helsedirektoratet og i perioden 2016-2020 Direktoratet for E-helse, og frå 1. januar 2020 vart alle oppgåvene overført til Norsk helsenett, saman med kjernejournal, e-resept og andre grunndata.

Rasmus Skovv i Helsenorge skriv i e-post til Grafen at det aktuelle ikonet er laga av interne ressursar:

– I etterkant av lansering har vi sjølv vidareutvikla profil og profilelement i høve til behov knytta til bruk – slik som app-ikon, favikon, ikon og merkjer til bruk i sosiale medier.

Dei har også laga til eit «kvalitetsmerke» som inngang til Helsenorge frå eksterne aktørar. Kva data som vert delt med eksterne aktørar og korleis dette fungerer er på tidspunktet usikkert.

Bistand til sjølve logoarbeidet og visuell profil er skaffa gjennom rammeavtalar. I følgje oversikt Grafen har fått dreier dette seg om avtalar inngått med Direktoratet for E-helse som har kostnad på 530 000 kroner i perioden 2017-2019.

Den aktuelle logoen som er i bruk i dag vart laga av designbyrået Creuna.

Helsenorge sine kjenneteikn i perioden 2011-2020. Illustrasjon: Helsenorge.
Helsenorge sine kjenneteikn i perioden 2020 – dags dato. Illustrasjon: Helsenorge.

Les også: Vil splitte opp Facebook: – Zuckerberg forstår ikkje kva personvern betyr