Vil splitte opp Facebook: – Zuckerberg forstår ikkje kva personvern betyr


MIT Technology Review som er eigd av Massachusetts Institute of Technology har teke til ordet for at Facebook bør splittast opp i ein ny artikkel.

Teknologimagasinet skriv at Mark Zuckerberg ikkje forstår kva personvern betyr – og at han ikkje har tillit til å definere det for oss.

Artikkelen er eit svar på Zuckerbergs essay. Det anerkjente magasinet meiner at selskapet har vorte så stort at det er vanskeleg å plassere det i nokon som helst bås:

– Det er ei avis, eit postkontor, ein telefonsentral, eit forum for politisk debatt, ein sportskanal, ein fødselsdagsteneste, eit kollektivt fotoalbum.

Facebook er alt dette og mykje til – og samtidig ingen av delene, skriv magasinet.

Sel folks privatliv, skadar bedrifter og innovasjon

Steigan skriv at Facebook tenar 55 milliardar dollar årleg på annonser, og har ein profittmargin på heile 45 %. Selskapet har vorte så rikt, ikkje ved å respektere folks privativ som Zuckerberg hevdar, men ved å selje folks privatliv.

Også Magasinet Medium har teke til ordet for å dele opp Amazon og Google, saman med Facebook. Dei skriv at nær 70 % av Internett-trafikken går gjennom sider operert av Google eller Facebook:

–  For å gjenopprette maktbalansen og styrken i demokratiet, auke konkurranse og syte for neste generasjon av teknologisk innovasjon kjem til, er det på tide å bryte opp desse selskapa.

Medium viser til særleg to strategiar som er dominerande for makta:

Samanslåing for å begrense konkurranse. Facebook har kjøpt opp potensielle konkurrentar som Instagram og WhatsApp, medan Amazon brukar marknadsmakta til å presse mindre konkurrantar som Diapers til å selje med høgare rabatt. Google slukte kart-selskapet Waze og reklameselskapet DoubleClick, og integrerte dei i eigne tenester.

Eigenproduserte varer i eigen marknadsplass. Fleire store teknologiselskap har eigen marknadsplass der kjøparar og seljarar kan handle. I denne marknadsplassen oppstår ein interessekonflikt. Store selskap som Amazon knuser småbedrifter ved å kopierer varene dei sel i Amazons marknadsplass og sel eigenproduserte varer med såkalla branding. Google favoriserer eigne restaurantanmeldelser framfor Yelp.

Anti-trust lovverk

Steigan viser til prosessane i 1911 som førte fram til at USAs høgsterett slo fast at det Rockefeller-eigde selskapet Standard Oil var å rekne som ulovleg monopol, og dømte selskapet til splitte det opp i 34 mindre selskap.

Lova som vart brukt vert kalla Sherman Antitrust Act (Lang tittel: «An act to protect trade and commerce against unlawful restraints and monopolies»), ei lov som kunne vorte brukt mot Facebook, Amazon og Google også.

Steigan meiner at ingen despot i verdshistoria har hatt så stor kontroll over mediene som det desse selskapa har, og ikkje noko diktatur har hatt så detaljert kunnskap om sine underslåttars tankar og følelser som nettopp desse teknologigigantane.

Norsk-finske Peter Sunde uttalte for nær tre år sidan at Zuckerberg var diktator i verdas største nasjon.