«Pegasus-lekkasjen» til Amnesty: – Eit instrument for å halde monopolistisk kontroll over klientregimer og over spionteknologi


Den israelskproduserte spionvara «Pegasus» vart 18. juli avdekt etter at fleire vestlege medier hadde arbeidd med saka saman med den politiske organisasjonen Amnesty.

Pegasus er for dei fleste mest kjent som ein skapning frå gresk mytologi som såg ut som ein hest med vengjer som gjorde at han kunne flyga. I dag dukkar Pegasus ofte opp i populærkultur, både i videospel, filmar og bøker, og no som israelsk spionvare.

Spionvara vart nytta til å overvake smarttelefonane til journalistar, menneskerettsaktivistar, politikarar og næringslivsleiarar.

Lekkasjen inneheld meir enn 50 000 telefonnummer verda over. Nokre av telefonummera var nærkontaktar til den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi som vart drepen og partert i Istanbul. Det er frå tidlegare kjent at spionvara var brukt til å spore journalisten og hans nærkontaktar.

Så langt er det funne telefonnummer til journalistar og redaktørar i Financial Times, CNN, New York Times, France 24, Economist, Associated Press og Reuters.

Etterretning som diplomatisk valuta

Nettstaden Moon of Alamaba meiner at USA sjølv står bak lekkasjen: nærare bestemt den amerikanske militære etterretningstenesta NSA. Det skriv Steigan.no.

Det er ikkje mange som har ressursar og kapasitet til å produsere ei liste med 50 000 telefonnummer som i tillegg inneheld fleire tusen nummer som er spionert på.

Det neste er kven som greier «lekke» ei slik liste til organisasjonar som Amnesty og syte for at fleire store «vestlege» medier lagar sak. For å få svar på dette må ein undersøkje kven som har eigeninteresse i å leggje ned firmaet bak spionvara eller gjere det vanskeleg for firmaet som har produsert den.

Svaret er den amerikanske konkurrenten: NSA.

Det er velkjent at USA brukar etterretning som diplomatisk valuta og gjer andre land avhengig av amerikansk spionvare.

Moon of Alabama skriv at den israelske spionvara er «førsteklasses», men vert seld til mange tvilsomme kundar, som Saudi Arabia. Spionvara kan også komme i hendene på store motstandarar av USA.

«Lekkasjen» til Amnesty er difor berre eit instrument for å halde monopolistisk kontroll over klientregimer og over amerikansk spionteknologi.

Steigan.no skriv at «Panama Papers» var ein liknande type amerikansksponsa «lekkasje», men på det økonomiske området.

Panama Papers-lekkasjen vart lekt på omtrent same måte som Pegasus, og til dei same mediene. Det som var interessant med Panama Papers var kven som ikkje vart avslørt og det nesten totale fråvêret av føretak og personar i USA, noko som også gjeld den israelske spionvara.

Det finst ingen senatorar frå USA eller toppolitikarar frå EU i det materialet som er publisert.

Les også: Pandora Papers er ikkje ein datalekkasje men ein operasjon frå dei hemmelege tenestene