Pandora Papers er ikkje ein datalekkasje men ein operasjon frå dei hemmelege tenestene


Dei 12 millionar dokumenta om kvitvasking og skattesnyteri i skatteparadis stammar ikkje frå ein varslar, men er henta ut frå 14 forskjellige investeringsselskap. Ikkje av russiske hackere, ikkje av skattestyresmakter, men av dei amerikanske militære etterretningstenestene NSA og CIA, skriv den tyske journalisten Mathias Bröckers.

– Ikkje ein einaste av dei 300 mistenkte politikarane og kjendisane er frå USA. Dei 600 journalistane har tråla gjennom 1,29 terabyte med data, utan å leggje merke til dette.

– På pressekonferansen til International Investigative Consortium [ICIJ] og i reportasjane vart ikkje kjernespørsmålet stilt: Kvar kjem dataene eigentleg frå? Kven gjorde dei tilgjenge? Kva interesser vert forfølgd med dei?

Han viser også til at Pandora Papers-dokumenta ikkje er i strid med elitistiske interesser, men at dei tvert i mot er nyttige.

Det avslørte skattesnyteriet er ekstremt selektivt:

– På mirakulaust vis finst det ingen amerikansk skattesnytar i datasettet. Derimot finn vi namna på politikarar som på ein aller annan måte har falle i unåde med USA.

– Dette gjev ein mistanke om at denne utviklinga bevisst er pressa fram for å setje i verk tiltak mot ubehagelege aktørar innanfor det amerikanske imperiet.

Saka vart først publisert på Steigan.