Hovudmannen bak USAs torturprogram er daud


Donald Rumsfeld er daud. Han var ein av hovudmennene bak USAs torturprogram i Afghanistan, Irak og på Guantanamo-basen.

Den norske professoren Erling Borgen har følgd med på Rumsfelds verksemd i mange år og produsert ein internasjonal dokumentarfilm om Guantanamo: Døden i Camp Delta.

Borgen har også skreve ei bok, Fredsnasjonens hemmeligheter, der han skildrar Rumsfelds ansvar for krigsbrotsverk og hans samrøre med Noreg, personifisert gjennom tidlegare forsvarsminister Kristin Krohn Devold, som i dag leiar NHO.

Det var forsvarsminister Rumsfeld som bestemte at Guantanamo skulle brukast til innsperring av fangar han omtale som dei «skrekkelegaste av dei skrekkelege». Denne avgjerda tok han i desember 2001.

Amerikanske marinesoldatar på Guantanamo fekk beskjed om å starte konstruksjonen av Camp X-Ray som skulle bestå av fangebur utandørs. Det var Kjell Inge Røkkes selskap Aker Kværner som leverte maskiner til byggjearbeidet. I alt vart 780 fangar plassert der, inkludert born.

Bolta hender og føter i golvet

I følgje Borgen vart nokre av fangane satt i full isolasjon og bolta fast i golvet med lenkjer. Dei nye teknikkane vart følgd opp med 20 timar lange avhøyr.

Fangar vart dehydrerte og fekk drypp frå flasker som hang på veggen. Dei fastbolta føtene i betonggolva hovna opp, og fangar urinerte på seg sjølv.

Rumsfeld sitt program tvang fangar til å kle seg nake, heldne søvnlause og truga med glefsande hundar som kom frå treningabana og kennelen Aker Kværner hadde bygd.

Borgen skriv på Facebook-sida si at tortur som vert sett i verk under krig er eit krigsbrotsverk og i strid med konvensjonar som USA sjølv har underteikna. 

Likevel utarbeidde Rumsfeld eit omfattande program for tortur. Eit program som er brukt over heile verda: i Afghanistan, Irak, Guantanamo og i hemmelege CIA-fengsel på mange ukjente stadar.

I 2007 publiserte WikiLeaks eit 238 sider langt dokument med tittelen «Camp Delta Standard Operating Procedures». Dokumentet hadde instruksjonar for korleis dei skulle handtere sveltestreik, psykisk tortur, bruk av militære hundar og nedgraving av fangar.

Fleire fangar vart også skjult for representantar frå den internasjonale Raude Kors komiteen då dei vitja staden. I 2009 konkluderte Raude Kors i ein hemmeleg rapport at fangar på den amerikanske Guantanamo-basen vart utsett for «jevnleg tortur».

WikiLeaks-redaktør risikerer 175 års fengsel for å ha publisert bevis for USAs krigsbrotsverk

Julian Assange var redaktør for nettstaden WikiLeaks då dokumenta om Guantanamo vart kjent. Seinare har WikiLeaks publisert fleire dokument som avslører USAs krigsbrotsverk.

Av dei mest kjente er dokumenta varslaren Chelsea Manning hadde fått tilgang til gjennom arbeidet sitt som analytikar i det amerikanske forsvaret, og Edward Snowden sine avsløringar om korleis det amerikanske militæret driv global masseovervaking.

Etter desse avsløringane har Julian Assange vore i britisk fangenskap i over 10 år og risikerer 175 års fengsel ved utlevering til USA.

Professor emeritus i journalistikk, Rune Ottosen, skreiv nyleg ein kronikk der han minner om den politiske fangen Julian Assange:

– Det er i desse dager 11 år sidan videoen ‘Collateral Murder’ vart publisert og gjorde WikiLeaks verdskjent over natta. Det sjokkerte ei heil verd å sjå kor lett amerikanske helikopterpiloter bestemmer seg for å skyte og drepe det som skulle visa seg å vere sivile, inkludert reportere frå Reuters på jobb.

– Det som ventar ved ei utlevering er ein rettsprosess etter USAs spionasjelov. Det betyr reduserte rettar utan normal tilgang til å føre vitner og normal prosedyre. Han [Assange, red. anm.] skal dømmast av ein jury i Virgina i eit område der dei fleste arbeidar for ein av dei mange etterretningstenestene i området. Utsikta til ein uavhengig og upartisk dommar og jury er illusorisk, skriv Ottosen.

Les også: Arrestasjonen av Julian Assange er ein hevnaksjon frå USAs regjering