Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Den anerkjente journalisten Pepe Escobar seier til Asia Times at arrestasjonen av Wikileaks-redaktør Julian Assange er ein hevnaksjon frå USAs regjering som treff journalistikken i hjartet.

Han meiner at datoen, 11. april 2019, vil stå som forbrytelsen til vestlege verdiar og  ytringsfridom.

– Biletet var grelt. Ein journalist og utgjevar i handjarn, dregen ut med makt frå innsida av ein ambassade medan han tviheld på Gore Vidal-boka «Historia om den nasjonale tryggleiksstaten», seier han.

Steigan.no viser til at USA sletta Ecuadors finansielle problem og beordra Det internasjonale pengefondet (IMF) til å utbetala eit lån på 4,2 milliardar dollar. Umiddelbart etterpå «inviterte» ecuadorianske diplomatar Metropolitian-politiet til å komma inn i ambassaden for å arrestere Assange.

Hans Rustad i Document.no skriv at så lenge Assange hengde ut USAs militære var han populær i vestlege medier, men då han gjekk laus på Hillary Clinton vart han forhatt:

– Assange er difor ein syretest: Sei meg kva du meiner om Assange og eg skal seie deg kven du er, skriv Rustad.

Eva Joly: – Assange i dag og oss andre i morgon

Jussveteran og korrupsjonsjeger Eva Joly meiner at arrestasjonen er eit angrep på presse- og ytringsfridom, og vil at mediene må stå opp for han:

– Om vi ikkje forstår at dette handlar om å verne pressefridom, då forstår vi heller ikkje at det er Assange i dag og oss andre i morgon, seier Joly til Klassekampen.

Joly seier at Assange fleire gangar tidlegare hevda at USA hadde hemmeleg etterforskning og arrestordre på han, noko som har vorte avvist som paranoia.

– I dag veit vi at han hadde rett, seier ho til Klassekampen.

Avisa The Guardian i Storbritannia var eit av medieorganisasjonane som først samarbeida med og seinare gjekk uklar med Assange.

– Men i dag er dei krystallklare på at ein må stå opp for rettane hans, og at dei ser på saka eit spørsmål om ytringsfridom.

 


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.