Røyndomsfjern: Biden vil at Nigeria skal gjenopne Twitter slik at Twitter kan halde fram med å sensurere Nigerias president


Det sosiale nettverket Twitter suspenderte tidlegare denne månaden brukarkontoen til Nigerias president Muhammadu Buhari etter ein uttale om separatistar. Suspensjonen førte til at landet blokkerte heile det sosiale nettverket. 

USAs president Joe Biden, som er kjent for sine geopolitiske lågmål, meinte at Nigeria skulle oppheve blokkeringa av Twitter slik at Twitter kunne halde fram med å sensurere Nigerias president.

Doble standarder

I argumentasjonen meinte Biden at Nigeria skal oppheve blokkeringa av Twitter av omsyn til «ytringsfridom» og «demokrati».

Twitter sjølv utviste ein smule dobbeltmoral då dei skreiv at Twitter-tilgang «er ein essensiell menneskerett i det moderne samfunnet».

Det San Francisco-baserte sosiale nettverket fekk raskt kritikk frå følgjarar som påpeika sensuren av den nigerianske presidenten, men også USAs tidlegare president, Donald Trump, som fekk kontoen sin suspendert etter sine politisk ukorrekte meiningar.

Handlingane til Biden-administrasjonen viser at det sosiale nettverket nærast fungerer som eit instrument for amerikanske etterretningstenester og operasjonar for påverknad, destabilisering og kupp i utlandet.

Les også: Putin bekymra for ytringsfridom i Europa og USA 

Pressetalsmann for den amerikanske regjeringa skreiv på Twitter at han «fordømmer blokkeringa» og oppfordrar Nigeria til å «respektere ytringsfridom» og oppheve den. Sjølv meiner han ingenting om Twitters eigen suspensjon av Donald Trump, den nigerianske presidenten, og tusenvis andre.

Trump har i ettertid hylla den nigerianske presidenten for å ha blokkert Twitter, og oppfordra fleire land til å blokkere Twitter og Facebook fordi dei sjølv ikkje legg til rette for «ein fri og open debatt for alle».

– Kven er dei som dikterar godheit og ondskap når dei sjølv er onde?, la Trump til ein uttale på nettstaden sin.

Global Times-redaktør Hu Xijin har tidlegare sagt at «ytringsfridom har grenser, og desse grensene vert tekt av dei med mest makt».

Les også: Global Times-redaktør Hu Xijin: – USA ikkje lenger eit fyrtårn