Global Times-redaktør Hu Xijin: – USA ikkje lenger eit fyrtårn


Global Times er den største landsdekkjande dagsavisa på engelsk i Kina. Etter at Twitter utestengte USAs president, Donald Trump, har fleire redaktørar påpeika doble standarder hjå fridomens fyrtårn.

Ein av desse er redaktør Hu Xijin som seier at meldinga USA sender til verda er at ytringsfridom har grenser, og at desse grensene vert satt av dei med mest makt. 

I det korte videoklippet viser han til korleis «Big Tech» utestengte USAs president frå Twitter. Då presidenten gjekk over til den konkurrerande tenesta Parler reagerte Big Tech med å stoppe tenar og nettverkstenestene, slik at konkurrenten ikkje kan nåast.

Han viser også til at Twitter sletta ein tweet til den kinesiske ambassaden i USA om rettigheiter for kvinner i Xinjiang-regionen.

– Viss du må, så berre hald fram, seier redaktøren, men fortel ikkje verda at USA er eit fyrtårn for ytringsfridom.

– Ytringsfridom har grenser, og desse grensene vert tekt av dei med mest makt. Det er beskjeden USA sender til omverda, seier han.