Ved å presse på for regimeendring i Russland har Europaparlamentet avslørt kor irrelevante og upålitelege dei er for Europa si framtid


Professor Glenn Diesen ved Universitetet i Søraust-Noreg skriv i kommentar til RT at EUs forsøk på å endre Russlands regjering er ein klar indikasjon på at heile EU-blokka og det politiske systemet er i djup krise.

I eit nyleg dokument har Brussel teke til ordet for å setje opp eigen russiskspråkleg propagandakanal på TV. Dette er ein merkeleg blanding av aggresjon, eigenrettferd og udiplomatisk språk, skriv Diesen, som legg til at det viser kor raskt EU gjer seg totalt irrelevant som ein upåliteleg aktør.

Dokumentet han viser til drøftar etablering av «EU-domstolar» for å forfølgje påståtte «forbrytelsar begått av Putins regime mot folket i Russland», som regelmessig skal rapportere attende til Europaparlamentet.

For å gjere dette skal EU i følgje rapporten etablere samarbeid med EU-baserte «ikkje-statlege organisasjonar» [såkalla NGO, red. anm.], som kontroversielle Bellingcat.

Bellingcat vart tidlegare avslørt gjennom lekkasjar på Internett som ein statleg finansiert operasjon med tilknytning til vestlege etterretningstenester som har til føremål å spreie desinformasjon til fordel for NATO.

I følgje Diesen kan logikken vere slik at viss dei «upartiske» etterforskarane til EU finn feil ved valet i Russland 2021, så skal EU nekte den russiske regjeringa legitimitet, eller meir spesifikt at dei ikkje vil anerkjenne parlamentet i Russland og vil be om at Russland vert suspendert frå internasjonale organisasjonar.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov har tidlegare uttalt at EU har blitt ein upåliteleg partner. Han viser også til aukande oppfatning i Moskva om at diplomatiske band til Brussel er meiningslause og kontraproduktive, sidan Brussel berre pratar i form av ultimatum og sanksjonar, og slik er vanskeleg å forhalde seg til.

Diesen skriv at mangelen på original og strategisk tenking frå Europaparlamentet gjer at dei vert mindre relevant samtidig som dei ikkje tek eigen posisjon seriøst. Dei greier ikkje begrave øksa eller redde relasjonane om dei ikkje bryt med gamle vanemønstre.

Les også: Kraftkrise i Sverige – Rullerande straumutkopling og «blackout» i Europa blir vanleg