Vedtok «Hobbit-lov» etter press frå Warner Bros og fråtok arbeidstakarane kollektive rettar


Regjeringa i Ny-Zealand har vedteke ei såkalla «Hobbit-lov» etter press frå det amerikanske filmselskapet Warner Bros, som truga med å flytte filmproduksjonen ut av landet.

Det vesle kongeriket i Stillehavet endra lova og omdefinerte skodespelarar og mannskap til å bli frilanserar i staden for heiltidsansatte, og fråtok alle saman kollektive forhandlingsrettar om arbeids- og ansettelsesvilkår, så vel som løn.

Med lovendringa vart det også kunngjort ei skatteinsentivordning og subsidiering av filminnspelinga av dei såkalla Hobbit-filmane.

No har det amerikanske netthandel- og IT-selskapet Amazon planlagt produksjon av ein ny Hobbit-serie som vert den dyraste TV-serien nokon gang produsert, med to milliardar kroner for rettigheitene aleine, pluss fleire milliardar kroner for innspeling av kvar sesong.

Det er likevel ingen fare for at Amazon ikkje skulle fullføre si strabasiøse reise, sidan regjeringa opnar lommebøkene til newzealendingar og subsidierer produksjonen med heile 25 % – den dyraste kulturelle subsidieringa i heile Ny-Zealands historie.

Det er venta at kostnaden for innspelinga av første sesong vil koste 3,8 milliardar kroner, der innbyggjarane må spandere ein milliard for kvar sesong.

I avtalen mellom Ny-Zealand-regjeringa og Amazon er det lagt til rette for propaganda om prosjektet, som gjev fordelar for begge partar.

Dette skal vere nøye planlagt «bak scenen» materiale og anna materiale for promotering, som marknadsføringsteamet til Amazon skal bruke saman med regjeringa i Ny-Zealand for å lage eigne kampanjar for seriane.

Filmane har gjeve massiv auke i turismen til landet, noko regjeringa brukar som argument for å løyve meir pengar til subsidiering av innspeling av nye Hollywood-filmar.

Under produksjonen av trilogien oppstod ei arbeidskonflikt etter at artistar i Ny-Zealand fann ut dei fekk langt mindre betalt enn sine amerikanske kollegaer. Dette medførte at fleire melde seg inn i fagforeiningar, og vart offer for lovendring.

Ny-Zealand har også vore i hardt vêr sidan dei deltek i den ulovlege spionalliansen «Five Eyes» som overvakar privat kommunikasjon over heile verda til fordel for amerikansk etterretning.

Les også: Uro over ytringsfridom i USA