Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Smittevernlege Leiv Erik Husabø seier i kommentar til Grafen at det fortsatt er 2000 personar i risikogruppa i Sogndal som ikkje er vaksinert. 

Nyleg vart det kjent at ein lærar og ein elev på Kaupangar var smitta av koronaviruset.

I dag skriv kommunen på heimesida si at ein elev i 3. klasse er smitta, og at eleven har vore i karantene som nærkontakt.

Husabø meiner det dreier seg om eit lokalt avgrensa utbrot med kjend smitteveg.

Les også: Slutt på skepsis: Sputnik-vaksine på veg til Europa

Totalt er det no 6 som har fått påvist smitte på Kaupanger, og 77 nærkontaktar er i karantene. Det er framleis testar det ikkje er kome svar på.

Det er planlagt å driva Kaupanger skule på raudt nivå frå førstkomande måndag, men det kan bli endringar i følgje kommunalsjef kommunalsjef oppvekst, Ole Gunnar Krakhellen.

Raudt nivå betyr at ingen sjuke skal møta på skulen og det vil vera forsterka reinhald og kontaktreduserande tiltak i form av inndeling av klassar i kohortar.

Husabø seier til Grafen at han håpar vera ferdig med vaksinering til sommarferien.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.