
Russiske styresmakter har nyleg sendt Sputnik-vaksinen til det europeiske legemiddelbyrået for vitskapleg gjennomgang. Når byrået gjev tommel opp er vaksina godkjent for bruk i heile Europa.
Det er venta at legemiddelverket kjem med svar i februar, men kva tid ein kan få ein Sputnik i armen i Noreg gjenstår å sjå. Truleg skjer det ikkje før over sommaren om den europeiske produksjonen kjem i gang.
Vaksina er allereie registrert og godkjent i fleire land, inkludert Ungarn, Serbia, Mexico, Argentina og Dei sameinte arabiske emirata. Utviklarane hevdar den er 90 prosent effektiv, og beskyttar mot mutasjonar.
Det er Gamalejainstituttet for epidemiologi og mikrobiologi i Moskva som har utvikla vaksina. Instituttet er kjent for å ha utvikla verdas einaste godkjente Ebola-vaksine, som vart utprøvd under Guinea-utbrotet som herja i 2016.
Kan bli vaksineproduksjon i Europa
I går sa Tysklands forbundskansler Angela Merkel på ein pressekonferanse at dei ønskjer Sputnik-vaksinen til Europa.
Merkel sa at dersom legemiddelbyrået godkjenner vaksina vil det vera mulig å produsere den lokalt i Europa. Ho gav samtidig Russland tilbod om teknisk støtte frå det statlege Paul Ehrlich-instituttet.
Instituttet skal bidra med kompetanse og produksjon av dokumentasjon til legemiddelbyrået, slik at prosedyrane og trinna for godkjenning skal verta gjort på rett måte.
Paul Ehrlich-instituttet er tilsynsorgan for vaksiner og biomedin og er underordna det tyske helsedepartementet.