Oddbjørn Bukve om Bratteteig-saka: – Kommunen bør ta ansvar for det som er gjort, og medverke til å rette opp situasjonen


Oddbjørn Bukve vil at Sogndal kommune skal trekkje anken i Bratteteig-saka. Foto: Høgskulen på Vestlandet.

Oddbjørn Bukve, folkevald for Sosialistisk Venstreparti i Sogndal og professor ved Høgskulen på Vestlandet, skriv i eit lesarinnlegg til Sogn Avis den 9. februar at kommunen bør ta ansvar for det som er gjort, og medverke til å rette opp situasjonen så langt det let seg gjere.

I Bratteteig-saka vart Sogndal kommune dømd i tingretten til å betala erstatning for økonomisk tap Juana Patricia Calderon Montero og Nils Kristian Bratteteig var påført i høve barneverntenesta sitt ulovlege vedtak.

Les også: Sogn barnevern må betala erstatning i Bratteteig-saka

I slutten av januar kom det fram at kommunen ville anke dommen i erstatningssaka til lagmannsretten. I pressemeldinga til kommunen vert det påstått at tingretten har lagt til grunn feil terskel i vurderinga om Sogn barnevern handla aktlaust eller ikkje.

Professor emeritus Marianne Haslev Skånland skreiv i kommentar til Grafen i slutten av januar at kommunen ikkje har lært, men vil halde fram med same barnevern som før, og bruke pengar på rettssaker for å rettferdiggjere det.

No har også Bukve som er professor teke bladet frå munnen og vil at kommunen skal trekkje anken.

I lesarinnlegget sitt skriv han at dommen kritiserte barnevernet for å ha påført familien unødvendige belastningar og ikkje å ha teke tilstrekkeleg omsyn til barnets beste. Også Fylkesnemnda fekk kritikk for si vurdering av saka, og for ikkje å ha stoppa akuttplasseringa.

Bukve skriv at ankevedtaket kom uventa på mange, og meiner det er overraskande fordi det ikkje blir lagt meir vekt på kva som er til barnets beste i den aktuelle saka.

Han meiner den råka familien over lang tid levd under sterkt press og med uvisse om korleis saka ville falle ut. Han meiner kommunen bør ta ansvar for det som er gjort, og medverke til å rette opp situasjonen så langt det let seg gjere.

Den norske staten er øvrig massedomfelt i den europeiske menneskerettsdomstolen for slike krenkelsar Sogn barnevern har gjort.