USA: Sette handjarn på ni år gammal jente, slo og spraya ho med pepparspray

Politiet i Rochester i New York sette fredag handjarn på ei ni år gammal jente, slo og spraya ho med pepparspray medan ho sat i baksetet i politibilen.

Ein bodycam-video på om lag eitt minutt viser den grufulle hendinga og nye overgrep mot sivilbefolkninga i USA. 

Les også: Uro over ytringsfridom i USA

– Kom igjen! Eg kjem til å pepperspraye deg, så sit tilbake. Kom igjen! Dette er siste sjanse, elles sprayer eg augene dine. Kom igjen! Brøler politibetjenten til den ni år gamle jenta.

– Eg vil til faren min, seier den vesle jenta i gråt til ein kvinneleg politibetjent, som ignorerer der heile og fokuserer på handjarna.

Jenta vart seinare køyrd til sjukehus for behandling av skadane ho var påført av politiet og køyrd heim til foreldrene sine.

Hendinga har fått innbyggjarar og byrådsmedlemmane i Rochester til å sjå raudt.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.