USA mot landsomfattande stenging : – Dei neste fire månadene blir dei mørkaste av pandemien


USA går snart inn i andre bølga med covid-19, og det verste marerittet er i ferd med å bli verkelegheit for Donald Trump sine veljarar. 

Den komande presidenten i USA, Joe Biden, har nyleg utnemd epidemiolog og regentprofessor Michael Osterholm til ei rådgjevargruppe for korleis dei skal løyse covid-19 pandemien.

Osterholm vil ha landsomfattande stenging for å bremse koronaviruset, og vil stenge alle verksemder i fire til seks veker. Han vil at den føderale regjeringa skal betale for arbeidarar medan landet er stengt i perioden.

Ei slik stenging vil tidlegast skje i januar 2021 etter at Biden er innsett som president.

Les også: Kina sender nødhjelp til Europa, og viser ei stormakt som stiller opp der det trengast

Nettstaden Worldometers rapporterer om over 150 000 nye smittetilfeller dagleg i USA. Her 12. november 2020.

Over 150 000 smittetilfeller dagleg

Tidlegare denne veka åtvara epidemiologen om at USA kjem til å bli eit Helvete om ein ikkje raskt tek grep om det stigande smittetalet. 

– Vi har ikkje ein gang kome nær toppen og difor blir sjukehusa våre no overkøyrt, fortalte Osterholm til TV-stasjonen CNBC.

– Dei neste tre til fire månadene kjem til å bli, heilt klart, dei mørkaste av pandemien, seier han.

Kommentaren hans kjem etter at USA er treft av rekordmange innleggingar og nye tilfeller. Daglege infeksjonar svevar no over 150 000 tilfeller, noko som har vore trend dei siste tre dagane.

I Noreg var det same talet 710 nye tilfeller, det høgaste nokon gang, tross strenge tiltak.