Kina sendte natt til laurdag 14. mars nødhjelp til Italia og Spania. Europa får tonnevis av medisinsk utstyr og millionar av munnbind. Handlinga viser at Kina er ei stormakt som stiller opp.

I tillegg til å sende høgteknologisk medisinsk utstyr, sender Kina også helsepersonell til Europa i kampen mot koronaviruset.

Det er Kina som gir nødhjelp til Europa, ikkje USA. I staden for å hjelpe sin gamle allierte, har USA tvert om innført flyforbod på 30 dagar og importforbod mot varer produsert i Europa. Faksimile: VG.

Fly med kinesisk nødhjelp landa på Padua lufthamn i Italia, med helsepersonell og medisinsk utstyr i kampen mot viruset.

Vlog in Rome: Chinese doctors and supplies arrive, and we are grateful

"Chinese doctors and supplies arrive, and we are grateful." An Italian filmed his daily life as the lockdown entered a fourth day in Padova, Italy. #COVID19

Slået op af China Xinhua News i Lørdag den 14. marts 2020

Eit vegskille mellom den nye og den gamle Vesten

Kommentator Dimity Orlov i Russia Insider har fleire ganger påpekt korleis USA framandgjer sine allierte, og korleis dette utviklar seg til fiendskap.

Gjennom Warszawapakten fekk fleire land føremoner ved tilknytning til Russland sin industrielle makt, på same måte som fleire europeiske land har hatt føremoner ved tilknytning til USA og deira industrielle makt.

No er denne USA-Europa-alliansen til hinder for utvikling, fordi Europa vil søkje samarbeid med Eurasia [energi og teknologi, red. amn.], og Washington, D.C. prøver hindre Europa integrere der.

Orlov viser til at Storbritannia distanserer seg frå Europa og klamrar seg nærare til USA. Dette byggjer gradvis opp eit nytt jernteppe, og vil separere den engelskpråklege verda frå Eurasia.

Det er lenge sidan Kina var eit fattig land med grisebønder som røykte opium. For over ti år sidan løfta styresmaktene over ein halv milliard innbyggjarar ut av fattigdom. Kinas mål for 2020 er å løfte dei aller siste ut av ekstrem fattigdom.

Kina vart den største økonomien i verda allereie i 2016 og analyser viser at den kinesiske økonomien kan bli to til tre ganger større enn USAs i år 2050. 

Dei såkalla G7-landa Frankrike, Japan, Tyskland, Storbritannia, USA, Italia og Canada var dobbelt så store som E7-landa Kina, India, Brasil, Mexico, Russland, Indonesia og Tyrkia i 1995. I 2015 var E7 landa like store som G7, og mot 2040 vil dei vera dobbelt så store.

USA-imperiet er over, og den økonomiske makta USA har er på langt veg til å bli irrelevant. Utanrikspolitikken dei seinare åra dreier seg kun om sanksjonar [også mot allierte], og militære trugsmål.

Spørsmålet er om imperiet går ned i flammar, eller om det vert avvikla på ein fredeleg måte.

Imperier eksploderer eller imploderer, slik Steigan skriv det. USA er no der Romerriket var før samanbrotet. Landet har ei gjeld som dei ikkje kan betale, og den aukar eksponentielt. Amerikansk dollar er verdilaus, og vert kun helden oppe av eit militært hegemoni gjennom trugsmål og sanksjonar.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.