Økonomisk misleghald dreier seg om bruk av Coop-kredittkort

    Det er oppdaga misbruk av eit Coop-kredittkort i Sogndal kommune. I følgje rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu skal det ikkje vere snakk om store beløp. Politiet har likevel sett inn store ressursar på saka. Foto: Grafen.
    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    Grafen har som einaste nettavis fått innsyn i anmeldelsen Sogndal kommune innga på ein tilsett i sektoren helse og omsorg.

    Det var i førre veke at kommunalsjef for administrasjon, Tor-Einar Holvik Skinlo, orienterte finansutvalet om at ein tilsett var meld til politiet for økonomisk misleghald.

    Les også: Etterforskar økonomisk misleghald i Sogndal kommune 

    Dokument Grafen har fått innsyn i viser at saka dreier seg om misbruk av kredittkort av typen Coop-kredittkort.

    I følge anmeldelsen var kortet brukt i ein periode det var inndrege. Årsaka til at kortet var inndrege var at det skulle bestillast nytt kort og endrast namn på kortet.

    Vidare står det at administrasjonen gjorde undersøkingar om misbruk og fekk dette stadfesta.

    I følgje rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu skal det ikkje vere snakk om store beløp.

    Melding til politiet om misbruk av Coop-kredittkort. Foto: Grafen.

    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.