Skrekkskade etter knebøy: – Erfaren fysio er svært viktig etter at kirurgen har gjort sitt


Den russiske styrkeløftaren Alexander Sedykh deltok på europeisk meistarskap [WRP, red. anm.] utanfor Moskva  førre veke.

Då han skulle løfte 400 kilo i knebøy gjekk det fullstendig gale, etter at begge quadricepssenene rauk. Sedykh har delt bilete på Instagram der han viser skadeomfanget og korleis begge låra er sydde.

Les også: «Game of Thrones»-skodespelar Hafthor Bjornsson sette verdensrekord i markløft

Ein video på YouTube viser korleis det gjekk gale når han senka vekta nedover. Rett før 90 grader ryk begge quadricepssenene, og han fell straks i golvet. Dei tunge vektene vert sikra i stropper.

– Eg lyt liggje i senga i to månader, så må eg lære å gå att, skriv han på Instagram, og at han no tek tid til å samle kreftene att, etter sying av begge quadricepsane og plassering av kne.

Sjå video nedanfor av skrekkskaden:

https://www.instagram.com/p/CD3YtxOhZMn/?utm_source=ig_embed

– Erfaren fysio er svært viktig etter at kirurgen har gjort sitt

Professor i ortopedi ved Universitetet i Oslo, og spesialist på kneskader Lars Engebretsen, seier til Grafen at Sedykh kan løfte knebøy att, men at det tek minst seks månader før han kan begynne, og minst eitt år til han kan løfte tungt.

– Vi har hatt utøvarar som har komme tilbake etter ein slik skade, men her var skaden på berre ei side, seier Engebretsen.

– Problemet er at ein ofte mistar litt av kneets bøyeevne i lang tid. Ein erfaren fysio er svært viktig etter at kirurgen har gjort sitt, seier han.

Før han kan greie å gå att treng han krykker og delvis avlastning i 6-8 veker, fordi det tek lang tid før senane er grodd.

– Det tek om lag 3-6 månader før ein kan gå normalt.

Bør unngå kortison

Grafen har spurt Engebretsen om kva styrkeløftarar bør gjere for å unngå slike skadar. Han seier at mange av styrkeløftarane har betente sener. I dette tilfellet i quadricepssenen med mykje smerter.

– Ein bør unngå injeksjonar med kortison i senen fordi dette svekkar sena, og kan føre til at sena ryk, seier han.

– Ved så tunge løft som i dette  tilfellet, må ein sjølvsagt ha løfta på lettare vekt utan smerter i knesenen.

Han seier at dersom ein for vondt i sena så vil ultralyd eller MR kunne seie noko om irritasjonsgrad i sena.

– Den må normaliserast med eksentrisk – konsentrisk trening med lettare vekt før ein går attende til tunge vekter, avsluttar Engebretsen.